Vidareutdanning for lærarar
«Kompetanse for kvalitet» er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. – Høgskulen i Volda tilbyr heile 15 studietilbod retta mot lærarar og barnehagelærarar i dette utdanningsprogrammet, seier rådgjevar Ole Frank Bakken. Søknadsfristen er 1. mars.
«Kompetanse for kvalitet» er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. – Høgskulen i Volda tilbyr heile 15 studietilbod retta mot lærarar og barnehagelærarar i dette utdanningsprogrammet, seier rådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Søknadsfristen er 1. mars.
Kompetansekrav
Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. Ungdomsskulelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise i dei same faga.
Vidareutdanningar for grunnskulelærarar
I samarbeid med Utdanningsdirektoratet (UDIR) tilbyr Høgskulen i Volda følgjande vidareutdanningar for lærarar i grunnskulen: Andrespråkspedagogikk 1 (1.-10. årssteg), Engelsk 1 (1.-7. årssteg), Engelsk 1 (5-10), Engelsk 2 (5-10), Matematikk 1 (1-7), Matematikk 1 (5-10) Matematikk 2 (5-10), Norsk 1 (1-7), Nynorsk i opplæringa, nettbasert (8-13), Kunst og handverk (1–10), Programmering, nettbasert (1–7), Programmering, nettbasert (5–10), Spesialpedagogikk (1–10).
Vidareutdanningar for barnehagelærarar
Realfag i barnehagen er ei vidareutdanninga som er retta mot realfaglege tema i barnehagen for å auke barnehagelærarar sin kompetanse innanfor desse fagområda. Det vert sett fokus på å legge til rette for at borna får erfaringar innanfor matematikk og naturfag.
Studiet Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen skal gi praksislæraren kompetanse i å rettleie studentar og på denne måten bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga.
Slik søkjer du
Lærarar som vil søkje KFK-studium må først søkje gjennom UDIR sin portal. Søknadsfristen er 1. mars. Dersom arbeidsgjevar og UDIR prioriterer og tar opp studenten lyt ein også søkje lokalt opptak.
Utdanna lærarar som ikkje har blitt prioritert eller har fått studieplass i ordninga, kan søkje ledige plassar frå ultimo mai.