Videovisning og kåring av elevane sin Oscar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

loose_shoe

Tittelbilete på ein av krimfilmane, "Loose shoe". På bilete: David, Kaja og Guro

Det har vorte ein tradisjon av studentar frå Media, IKT og design har undervisning ved Bratteberg skule i Volda som praksis.

Elevane i 6. klasse har lært om video og film, og enda opp med sju eigenproduserte filmar. Elevgruppene har fått kvar sine tema: Tøysevideo, krim, spøkelsesfilm og musikkvideo.

Elevane tek faget raskt
- Tilbakemeldingane frå både lærarar og elevar er topp, og dei synest to veker med studentar som lærarar er ein flott avbrekk.

- Elevane har gjort arbeidet både framfor og bak kamera som skodespelarar, filmarar og redigerarar. Dei har laga dreiebok, teke opp lyd og filma rundt om i heile bygda.
- Studentane har vore gode rettleiarar, men elevane tek oppgåvene veldig raskt, kommenterer dei.

Ope for publikum
I tillegg til ein fagjury får publikum vera med på å stemma fram den beste av dei sju filmane fredag 27.4.
Det er opne visningar i Berte Kanutte-huset, Store auditorium frå kl. 10.30. Møt opp!


bullet_2 Les meir om Media, ikt og design-studiet i Volda
bullet_2 Les om dei andre studietilboda ved Høgskulen i Volda
bullet_2 Les meir om MID-praksisen i fjor

Del på