Volda er vertsstad for Der menneske møtest

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Volda som vertsstad vil boble av internasjonale aktivitetar, konsertar og utstillingar for å nemne noko, fortel Vik, og legg til at Fredskorpset allereie har planlagt ei rekkje aktivitetar saman med mellom anna Volda kommune, Volda handelsforeining og høgskulen.

Spennande program
- Det heile startar i veka før Den norske dokumentarfilmfestivalen i veke 18, og avløyser denne den 11. mai i veke 19. På programmet står Open gate med internasjonale innslag frå handelsforeininga, lokale kor og band. Ein ser også på ein større utekonsert, i tillegg til ein internasjonal kyrkjekonsert søndagen.
- Vi vil heise flagg i gatene og opne Volda for verda, la varaordførar Gunnar Strøm til under eit planleggingsmøte sist veke, der det også vart røpa open ungdomskafé, kurs og utvida opningstider i Klubben og i Idrettshallen, workshops med nord-sør tema og filmpremierar i filmklubben.
- Høgskulen i Volda vil huse seminar og forelesingar både 10. og 11. mai, i tillegg til bidrag frå dei internasjonale studentane.
Også 10. klassingane ved Volda ungdomsskule vil få undervisning av representantar frå Fredskorpset, og ta del i gruppearbeid.

fredskorps_repr

Representantar frå Kurs-, konferanse- og nettverksavdelingen i Fredskorpset, avdelingsleder ved Knut Jostein Berglyd og førstekonsulent Kari Siwe Haugen på eit planleggingsmøte for Der menneske møtest ved Høgskulen i Volda sist veke.

Tusenårsmåla
- Fredskorpset er ein organisasjon under Utanriksdepartementet som står for tilrettelegging og organisering av utveksling av idear, haldningsskapande arbeid og tankar mellom nord og sør. Arrangementet Der menneske møtest har som mål å drive haldningsskapande arbeid, å skape engasjement rundt nord-sør problematikk og ikkje minst å auke kunnskap gjennom nye nettverk med rom for erfaringsutvekslingar, fortalde Kari Siwe Haugen frå Fredskorpset etter møte med medarrangørane i Volda.
- Engasjement rundt tusenårsmåla til FN er ein del av målsetjinga vår, og samarbeid med lokale organisasjonar for å skape ein arena og ei naturleg bevisstgjering rundt desse vil vere sentralt desse dagane i mai.

Les meir på www.fredskorpset.no og på sida om Der mennesker møtes

Del på