«Sivert Aarflot» er innstilt
Torsdag skal styret ved Høgskulen i Volda vedta namn på nytt mediehus. Etter namnekonkurranse og interne høyringar er innstillinga klar. Om styret godkjenner forslaget, vert namnet «Sivert Aarflot-huset».

Høgskulestyret møtast 10. september, og ei av sakene dei skal handsame er namn på nytt mediehus.
Etter ei namnekonkurranse i sommar gjekk tilsette på Avdeling for mediefag og leiinga ved Høgskulen gjennom forslaga kvar for seg. Begge endte med «Sivert Aarflot-huset» på toppen av lista.
Dermed har høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen gjort klar innstilling til høgskulestyret. Avgjerda fell neste veke.
Du kan følgje styremøtet torsdag direkte. Lenke til sendinga kjem på våre sider i starten av neste veke.