Brurås har skrive boka om Orderudsaka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den nye boksa har fått tittelen Morderjakt og mediemakt, og har undertittelen Journalistisk metode, sjanger og etikk i dekningen av Orderudsaka.
Med på laget har Svein Brurås, Lars Arve Røssland og Helge Østbye.

Orderudsaka er ein historie frå det verkelege liv som fekk stor mediedekning, og i boka forfattarane røyser sentrale presseetiske spørsmål:


- Korleis vart enkeltoppslaga grevne fram?
- Korleis vart opplysningar formidla og presentert for publikum?
- Kva etiske utfordringar og problem låg i innsamling og presentasjon?

Dei syner korleis kriminalgåter frå det verkeleg liv vert tilpassa media sine form- og sjangerkrav og korleis kriminaljournalistikk i vår tid vert drivne.

Media var ikkje berre formidlarar i denne saka. Dei var også arena for utspel og maktkamp, og dei var sjølve aktørar gjennom eigen etterforsking, kommentarar, val og vinklingar skriv dei i boka.
Som mediehending set Orderudsaka lys på tilhøvet mellom journalistar, forsvarsadvokatar og politi/påtalemyndigheit.


Morderjakt og mediemakt:
ISBN 8202256623 Cappelen 2006

Lars Arve Røssland er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

Svein Brurås er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Helge Østbye er professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

Oppl. dato: 19.04.06
ISBN 8202256623
Bokmål
Heftet
Antall sider: 208

Del på