Forskar på demokratisk radiostasjon

Tekst: Webmaster Volda

- Den demokratiske radioen Demostasjon, byggjer på at fleire folk som ikkje er journalistar eller ekspertar kan ta del i massemedieproduksjon ved hjelp av allereie tilgjengelege teknikkar gjennom ein vanleg PC, bruk av Internett, IP telefon, og SMS, fortel Nyre.
- Dette er utrustningar som gjer vanlege folk til sendarar, ikkje berre dei som har tilgong til dyrt radioutstyr og studio, noko som ikkje er demokratisk.

Berre mogleg ved Høgskulen i Volda
- Skilnaden på Demostasjon og vanleg nettradio er at vanlege nettradioar ikkje har ein fast redaksjonell plan med eigenprodusert stoff som nyhende, debatt og reportasjar.
- Dette kunne ikkje vore gjennomført på noko anna medieutdanning enn ved Høgskulen i Volda. Her er den tekniske kompetansen så høg at vi får dette produsert på ein svært realistisk måte, slår Nyre fast.

demostasjon520

Frå studio i Demostasjon


Prosjektet ved Høgskulen i Volda er ein del av forskingsprosjektet Kulturteknikker, om nye medium som fora for kommunikativ handling i samsarbeid med Universitetet i Bergen.
Ved Høgskulen i Volda er journaliststudentar aktivt del som ein del av prosjektet, der dei mellom anna produserer radiosendingane, deltek som programleiarar, moderator for interaktivitet og teknikker/webmaster.

Les meir på www.kulturteknikker.hivolda.no

Del på