Forskingsmidlar til prosjekt om journalistikkens samfunnsrolle

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Avdeling for mediefag ser på dette som ei sterk anerkjenning av det faglege arbeidet ved avdelinga og vi gler oss til å gå i gang med prosjektet. Tildelinga vil sette eit sterkt preg på forskingsaktiviteten ved avdelinga i åra som kjem og resultata frå prosjektet vil vere viktige for norsk journalistikk, seier dekan Sverre Liestøl ved Avdeling for mediefag.

Prosjektet har tittelen "Journalistikk i endring:  Ny teknologi, ny økonomi – nytt samfunnsoppdrag?".
Utgangspunktet for prosjektet er at journalistrolla i dag er inne i store endringar som følgje av tekniske, økonomiske og politiske endringar. Følgjene desse endringane har for redaksjonelle prosessar blir undersøkt ved å studere eit utval av redaksjonar i eit tett integrert prosjekt. Som journalistlærarar med lang tids røynsle i å drive redaksjonelle prosessar og å evaluere medieprodukt har fagmiljøet ved Avdeling for mediefag gode føresetnader for å studere arbeidsmåtane til journalistar.

roppen_johann_520

Førsteamanuensis Johann Roppen er prosjektleiar.

Prosjektet vil bli gjennomført som tre delprosjekt: Ketil Jarl Halse er ansvarleg for eit delprosjekt om journalistiske arbeidsmåtar,  Johann Roppen er ansvarleg for eit delprosjekt om leiing og kompetanse og Svein Brurås er ansvarleg for eit delprosjekt om etikk og yrkesideologi. Kvart av dei tre delprosjekta vil i tillegg ha tilknytt ein stipendiat og ein eller fleire andre forskarar i delar av prosjektperioden. Stipendiat Jan Fredrik Hovden får post.doc midlar på prosjektet.  Han arbeider no med ei doktoravhandling om det norske journalistiske feltet. Dosent II Nils E. Øy vil også vere med i det faglege arbeidet på prosjektet. Øy er til dagleg generalsekretær i Norsk Redaktørforening. Høgskulen i Volda er i ferd med å tilsette ein professor II i journalistikk som også vil vere engasjert i prosjektet.

Prosjektperioden er frå 2007 til 2010. Som konkrete forskingsresultat skal det publiserast ca 15 artiklar i vitskaplege tidsskrift, ei fagbok i journalistikk, ein vitskapleg konferanse i 2009 og eit større tal aviskronikkar og innlegg på vitskaplege konferansar.

Prosjektet er det største Avdeling for mediefag nokon gong har fått og det første i sitt slag til Høgskulen i Volda.

Del på