Heilt spesiell praksiserfaring i korona-tider

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Han skulle gjerne ha vore koronoa-situasjonen for utan, men Simen Gald er takksam for den unike erfaringa han får gjennom å ha praksisperiode som kommunikasjomsmedarbeider i desse tider.

Gald er inne i sitt siste halvår av bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media, og tok heilt i starten av februar til i eit to månader langt praksisopphald hos Norsk Tipping på Hamar. Ein god moglegheit til å å få bruke det ein har lært og øvd på gjennom nesten tre år – prakisperioden blir av studentane sett på som eit stort pluss med utdanninga og spesielt viktig med tanke på arbeid i etterkant.

På Hamar fann Gald seg godt til rette, kom fort inn i arbeidskvardagen og fekk stadig nye og utfordrande oppgåver der han kunne nytte mykje av det han har lært ved Høgskulen i Volda. Verken han, eller svært få andre i Noreg for den saken si skuld, hadde høyrt om koronaviruset då praksisperioden starta. Etter fem veker sa det «stopp». Som på svært mange andre arbeidsplassar landet over, vart også dei tilsette ved Norsk Tipping bedde om å arbeide heimanifrå når koronaalarmen slo inn for alvor. 

Les meir om bachelorgraden PR, kommunikasjon og media her. Hugs søknadsfrist 15. april!

Ekstra dimensjon

Simen reiste då heimat til Stryn og rigga opp heimekontor på guterommet. Han vart enig med Norsk Tipping og dei fagansvarlege ved høgskulen om at han skulle forsøke å fullføre praksisen, sjølv om tilhøva er spesielle.

Simen Gald
Heimekontor på guteromet fungerer godt for Simen Gald.

– Det var sjølvsagt leit å måtte avbryte praksisperioden på Hamar. Eg vart einig med Norsk Tipping om å hjelpe dei med arbeidsoppgåver kring interkommunikasjon, som publisering av tekst og video. Det eg har fått publisert omhandlar i stor grad korleis selskapet skal handtere denne krisa, og om retningslinjer som dei får ifrå myndigheitene, fortel Gald.

Som så mange andre no om dagen, får han erfart at heimekontor er noko litt anna enn å sitte på det ordinære kontoret. Men den alltid positive stryningen klagar ikkje.

– Eg tykkjer det går fint. Eg har møter med dei på avdelinga for Strategi og organisasjonsutvikling gjennom Microsoft Teams omtrent kvar morgon. Det er eit fint verktøy å nytte for denne typen kommunikasjon. Her får eg moglegheit til å kunne kommunisere med andre, samt overføre små og store filer som Norsk Tipping kan publisere på sitt intranett for dei tilsette. 

Her kan du sjå alle dei ulike utdanningane i mediefag ved Høgskulen i Volda.

Mange spennande praksisplassar

Mange av klassekameratane hans er i ein liknande situasjon. Det gjer at dei får trent seg på arbeid i ein krisesituasjon og tar med seg verdifull læring som dei ikkje ville ha fått i ein normalsituasjon. Praksisplassane spenner vidt ifrå kommunikasjonsbyrå som Trigger, private selskap i næringslivet, nasjonale foreiningar, Nordic Innovation House i Silicon Valley til norske kommunar.

Simen Gald
Han fekk ikkje ringt lottomillionærar frå denne telefonen, men gjort mykje anna kjekt.

– I samband med denne krisa har eg lært mykje om korleis ein skal drive interkommunikasjon. Hovudsakleg går det på å informere andre om kva som skjer internt i verksemda og kva for retningslinjer ein må følge frå ulike stader. Eg forsøker å anvende det eg har lært frå PR-studiet ved høgskulen slik at eg kan kome fram til gode løysingar for både meg og min praksisplass, forklarar studenten som vil fullføre heile praksisperioden og takke for seg – i alle fall i denne omgang – hos Norsk Tipping 3. april.

Filming, foto, konsept, tekst og ansvar

Gald er også glad for at over halve av praksisperioden hans vart gjennomført på normal måte før viruset for alvor slo rot i Noreg. 

– Eg arbeidde med nyheitsartiklar og anna på selskapet sitt intranett, også kalla Tippetavla 365. Ved sida av dette fekk eg innsyn i eit anna prosjekt som omhandla ein realityserie i Norsk Tipping sine lokale. Serien handlar om "Livet på Tippinga" og tek føre seg kva som rører seg på bygget og inne på dei ulike avdelingane. Eg stod ansvarleg for å produsere video omkring dette og hadde med meg eit team beståande av ulike kollegaer. Vi skulle primært lage eit par episodar som vert vist i sosiale medium, fortel Gald.

Han er glad for valet av praksisplass og takksam for alt han har lært gjennom dei snart to månadane: –  Som PR- og kommunikasjonsstudent har eg fått utfalde meg i ei rekkje spennande og relevante arbeidsoppgåver som inneber alt frå tekstarbeid, foto, videoproduksjon samt konseptutvikling og anna, seier Gald med sitt karakteristisk gode smil.

Del på