Journaliststudentar i nordisk-russisk samarbeid

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Lillian Hjort, dagleg leiar i Menneskerettighetsakademiet fortel at studentane har hatt tre dagar med varierande program, med forelesingar, praktiske øvingar og diskusjonar.

─ Utgangspunktet for samarbeidet er at journaliststudentane treng basiskunnskap om menneskerettar, og dei treng kulturforståing for å kunne ta samfunnsrolla si på alvor. Vi har hatt mange diskusjonar, og det viktigaste som skjer her er det som skjer i møte mellom studentane. Dei norske og svenske studentane kjenner ikkje så godt til situasjonen i Russland, og omvendt. Det er veldig verdifult å skape møteplassar der ein kan få bukt med stereotypiane og sjå individa.

 c263de85b2e3d3d7b1090d2b6a499232
Den siste dagen av workshopen hadde studentane redaksjonelt arbeid i studio. Fv. Helene Wille Lund frå Høgskulen i Volda og Caroline Nordvall frå Södertörns högskola i Sverige. 

Studentane fortel om spennande og lærerike dagar.

─ Vi veit lite om korleis journalistikken er i Russland, og korleis media der vinklar sakene. Vi har forstått no at våre medium vinklar deira politikk på ein vestleg måte, og dette er dei russiske studentane veldig bevisste på. Dei var difor redde for at vi skulle sjå ned på dei fordi dei ikkje har det same demokratiske systemet som oss, seier Helene Wille Lund frå journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda.

Til hausten skal dei fleste av studentane møtast igjen i Russland.

─ Desse dagane har vore ein god introduksjon til å sjå korleis det fungerer der. Det fins tydlege skilnadar på tema som til dømes ytringsfridom og ekteskap for homofile, seier Caroline Nordvall frå journalistutdanninga ved Södertörns högskola i Sverige.

─ Det er spennande korleis studentar frå forskjellige land ser på menneskerettar, og å få bli kjent med folk frå andre land, seier Lund. 

Del på