Mediefag arrangerer Den store språkdagen 2006

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Korleis er det norske språklandskapet?
- Korfor har nynorsk vorte eit nyheitsspråk?
- Korleis er det å ha forbod mot å bruke skriftspråket sitt på jobb?
- Korfor vil viktige mediebedrifter ha nynorskfolk?

Innleiarane som skal stille dei gode spørsmåla i år er mellom anna Arnhild Myklebust Eggen i Dagsrevyen, Jørgen Lyngvær frå VG og Elin Dahle frå NRK Møre og Romsdal. I tillegg kjem leiaren for Nynorsk mediesenter og nestleiar i Språkrådet Magni Øvrebotten og direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.
Arild Torvund Olsen og Anne Steinsvik Nordal frå Nynorsksenteret vil også halde innlegg med tittelen Bokmål i Aasen-land.

Nynorsk for alle språkinteresserte
- Denne språkdagen har som sagt nynorsk i media som emne, forklarar Vestad. Slik er seminaret spesielt mynta på journaliststudentar og informasjonsstudentar, men det er også aktuell for alle andre (ny)norskstudentar, mediefolk og alle andre med interesse for språk og media, lovar han.

Tid: 23. oktober frå 10.15 til 15.00.
Stad: Aasen-auditoriet, Ivar Aasen-huset, Høgskulen i Volda.

Språkdagen er gratis
Les meir i det detaljerte programmet

Del på