Mediehistorikar med publikasjonar om utanriksjournalistikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dette er ei kartlegging av både ein journalistisk metode og eit journalistisk miljø, seier Werenskjold.

Artiklane ligg i randsona av doktorgradsarbeidet til Werenskjold, som går under tittelen Vindu mot Verden: Framingen av det globale og det lokale i 1968-opprøret i norske medier.

- Det er dette som er hovudprosjektet mitt, og det handlar om korleis 1968-opprøret vart dekka og tolka av dei ulike norske mediene. 1968-opprøret var eit globalt fenomen, som er å rekne som ein del av det utanriksjournalistiske feltet. Temaa for artiklane ligg litt i ytterkant av prosjektet, men dei kastar likevel lys over dette fenomenet som 1968-opprøret var og over dei journalistane som dekka hendingane, seier Werenskjold.

Artiklane står såleis på eigne bein. Dei tek i hovudsak for seg representantar for den første generasjonen av utanrikskorrespondentar i NRK og dei store avisene. I NRK skjedde utbygginga av korrespondentnettverket særskild i kjølvatnet av framveksten av fjernsyn frå midten av 1960-åra.

Den eine artikkelen tek for seg Ingebrigt Løberg, som var i Paris for Aftenposten, og den andre handlar om NRK-korrespondenten Anton Blom i Bonn. Den tredje artikkelen handlar om 1968-opprøret i Aust-Europa og inngår i det idéhistoriske tidsskriftet Arr sitt dobbeltnummer om 1968-opprøret som fenomen.  

Del på