Miniseminar i Volda: ”Krisekommunikasjon i praksis”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Krisekommunikasjon i praksis er eit miniseminar for alle som vil få betre innsikt i korleis ein kan planlegge for og evaluere etter ein krisesituasjon. I tillegg vil fagpersonar ta for seg kva innverknad eit krise kan ha for omdømmet og korleis ein kan øve seg for å vere førebudd for ei krise.

Seminaret er meint for personar som arbeider med informasjon og kommunikasjon og alle som har, eller kan få, leiaransvar i ein krisesituasjon.

Professor Carl Botan frå George Mason University i USA har PR og strategi som spesialområde. Botan vil snakke om planlegging for krise og evaluering etter ei krise. Han vil særleg ta for seg kva konsekvensar ei krise kan ha for omdømmet til ei verksemd og korleis omdømmet kan gjenoppbyggast etter eit krise.

Kjetil Rød, stipendiat i risikokommunikasjon ved Høgskulen i Volda, Avd. for mediefag.

Rød har lang erfaring i å arrangere kriseøvingar. Han vil forklare betydninga av gode kriseplanar og korleis ein kan øve før å vere best mulig førebudd. I tillegg vil han presentere doktorgradsprosjektet sitt, "Risikokommunikasjon: Det å leve med skredfare", som tek utgangspunkt i Åknes/Tafjord-prosjektet.

Seminaret vert halde på Høgskulen i Volda den 4. oktober mellom klokka 12.15 og 16.00.

Elektronisk påmelding og meir informasjon på www.hivolda.no/kommunikasjon

Pris: kr. 500,-
Medlemmer Norsk kommunikasjonsforening: kr 400,-

Seminaret er eit samarbeid mellom Kommunikasjonsforeningen Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda.

Del på