Møt medieproduksjonsstudent Andreas

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Andreas Vartdal Engeset har alltid hatt ein kjærleik for tekniske ting, og valet var ikkje vanskeleg då han skulle velje utdanning. Det måtte bli medieproduksjon! – Det å få lære om og teste alt utstyret studiet hadde tilgang på var alt eg kunne ynskje meg då eg starta.

 

Trygt og lite studiemiljø

Timane i medieproduksjon tek utgangspunkt i kreativitet og kreativ utvikling av idéar, som blir brukt som base for alt av praktisk opplæring og arbeid. Andreas legg vekt på at på grunn av dei små klassene får ein god kontakt med lærarane og meir personleg vegleiing enn om ein hadde større klasser.

– Studiemiljøet i Volda er ganske spesielt om ein er vand med større skular før ein kjem hit. Klassene er relativt små og det er faktisk mogleg å slå av ein prat med lærarane. På grunn av dei små klassene er òg samhaldet i klassene sterkare og tydelegare enn i større samlingar. 

Til hausten har skulen flytta inn i eit heilt nytt mediebygg der heile Avdeling for Mediefag kjem til å samle seg. Dette vil bety nytt utstyr, oppgraderte redigeringsstasjonar, noko som Andreas trur kan gi betre moglegheiter for samarbeid mellom medielinjene på skulen.

 

Ekstern praksis

Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk stadium der ein får prøve seg på både interne prosjektarbeid og ekstern praksis. Dette er ei unik moglegheit til å bli rusta for arbeidslivet. I den eksterne praksisen kan ein prøve seg innan mange forskjellige jobbar. Andreas søkte seg til eit produksjonsfirma som driv med livestreams, opptak, og teknisk avvikling for arrangement. Andre i klassa valde å prøve seg som assistentar på filmsett, ansvarleg for sosiale medier i ei bedrift, og arbeid på tekniske lager.

– I framtida ynskjer eg å finne meg ein jobb der eg får utfordre meg sjølv i det tekniske. Eg trur eg vil arbeide innan arrangement-verda der ein må tenkje på bilde, lys, og lyd som ei heilheit. 

 

 

 

Har du lyst å sjå fleire innblikk frå studiekvardagen i Volda? Følg med på Instagram

 

 

Del på