Musikar med miljøbodskap og utmerkingar på Minimalen og P3 Urørt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Erlend er interessert i det meste som kan kallast kunstnarisk og estetisk, og driv med både musikk, foto og film. Han er opphavleg frå Trondheim der han spelte i band, men vart etter ei tid sparka ut av bandet. Det var då han bestemte seg for å gå solo, som eit bevis på at han ikkje var avhengig av dei andre.

- Eg satt isolert på rommet mitt i 2 månader, medan eg laga den første plata Give it an empire under namnet Final Concierge. Eg var berre ute for å kjøpe mat og gå på do. Etter det har eg heldt fram å lage musikk på guterommet, og den andre plata Come on pioneers kom på tampen av fjoråret under namnet Soup.

Elektronisk pop-rock

Erlend har sitt eige musikkstudio, og nyttar ulike akustiske instrument, elektroniske trommer og PC i musikkproduksjonen. Prosjekta blir på denne måten halvt akustisk og halvt elektronisk, og har fått gode tilbakemeldingar.

- Musikken min er atmosfærisk.Det er elektronisk pop med rock sidesprang eller elektronisk pop-rock, men det er vanskeleg å seie for det er ei god blanding. Eg vil ikkje låse meg til ein bestemt sjanger, men du kan avgjere sjølv, seier Erlend med eit smil.

Han fortel at nokre kallar denne type musikk for Shoegaze. Uttrykket kjem av at gitaristane ofte kikkar på skoa sine når dei spelar, spesielt med musikk som har mykje effektar.

IMG_8222_magasin

Musikk er ein viktig del av kvardagen

 

Minimalen-pris og Urørt-utmerking
Erlend har laga filmmusikk til fiksjonsfilmen Adherent, som er regissert av tidlegare animasjonsstudent Julian Vargas. Filmen fekk nyleg pris for beste fiksjon på Minimalen.

- Musikken er skreddarsydd til filmen, og er kanskje litt Albert Aaberg-aktig, seier han medan han nynnar melodien. I tillegg har dei to vore nominert til prisen for årets Urørt-video, og Erlend/Soup vart vekas Urørt med låten Ostrich Society i januar-08.

Plateslepp med miljøbodskap

Draumen er å kunne reise på turné med band, men det er i følgje Erlend ein kortsiktig plan utan så mykje pengar å tene.

- Ein jobb der eg kan kombinere musikk både audio og visuelt, gjerne i ei multimedia bedrift hadde vore midt i blinken, seier Erlend.

Den andre plata Come on pioneers kjem i ny utgåve om nokre veker, og miljø har vore ein viktig del av produksjon, då Erlend ønska at plata skulle vere berekraftig.

- Utgangspunktet mitt er at plata er av gjenvunne papp. Eg unngjekk plastemballering bevisst, og nyttar papirband i staden.Inne i coveret ligg det i tillegg ein pose med grantre-frø, med det bodskap at CO2 som trea tek opp, er større enn den CO2 som produksjon av plateutgivinga årsaker. Ein CD slepp ut 1,5 kg CO2 under produksjon, medan eit tre absorberar fleire 1000 kg CO2 i løpet av 100 år.

Erlend fekk støtte frå miljøvernorganisasjonar som Framtiden i våre hender og Noregs Naturvernforbund til å legge ved frø, og til å finne ut kva dette hadde å seie for miljøet. Sjølve ideen kom han opp med sjølv.

- Det er ei markering for kva ein kan gjere. Med litt vilje og kreativitet er det mange fine løysingar for å ta vare på miljøet!

Del på