Noregs største dokumentarfilmfestival i gang

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sal av festivalpass
Frå klokka 11.00 i dag har det vore sal av festivalpass i Infobua ved Samfunnshuset i Volda.

Elevar viste film

Klokka 12.00 var over 150 elevar og studentar frå Volda, Ørsta, Ålesund og Sandane samla til visning av filmar som elevar i Møre og Romsdal har laga. Les meir i programmet

1_520_1

Alle dei unge filmskaparane måtte svare på spørsmål frå både Ellinor Rørvik Lothe og andre i salen.

Festivalradioen har også hatt si første sending, i dag direkte frå Rokken. Dei radioaktive sendar frå Rokken og Samfunnshuset kvar dag under festivalen, og får besøk av både regissørar, publikum og andre gjestar. Sendinga kan du høyre på FM 105,5, http://www.dokfilm.no/ eller du kan høyre den via podcasting.


Voldastudentar viser film

Onsdag kveld kan du sjå dokumentarfilmar og animasjonsfilmar laga av studentar frå Høgskulen i Volda, før bandet Auburn går på scena klokka 22.30. Ellers kan du henge i DokumenBar på Samfunnshuset fram til ein time over midnatt.

Dokfilm.no vert oppdatert kontinuerleg under heile festivalen med både bilete og saker frå festivalen.

Del på