Ny bok: Hvor går dokumentaren?

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Dokumentarfilmen er i stadig utvikling både på kino og fjernsyn. Den har funne nye former på nettet. Kva skjer eigentleg med dokumentaren? I denne boka vert blikket retta mot dokumentaren både på kino, i fjernsynet og på nettet.

9c478844f3535fa38f6fbc6cdab40608

Artiklane i boka ser blant anna på desse spørsmåla:

  • Kva er eigentleg personlig dokumentarfilm?
  • Korleis vert røyndom og fiksjon blanda i hybridformat, og kva problem fører det til?
  • Kva er ein ekspressdokumentar, og korleis vert dei produserte?
  • Kva skjer når dokumentaren blir ein del av ein PR-kampanje?
  • Kvifor har «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» blitt ein av dei mest populære dokumentarseriane i Noreg?
  • Krev interaktive dokumentarhistorier nye former for dramaturgi?

Boka samlar fleire av dei faglege retningane ved mediemiljøet i Volda. Fagfolk frå foto, animasjon, kommunikasjon og ulike delar av journalistikken og mediefaget bidrar.

Steinar Høydal har skrive om ekspressdokumentar og korleis dei vert produserte. Kristian Fuglseth bidreg med eit meir politisk kapittel der han spør kva som skjer når dokumentaren vert ein del av ei PR-kampanje. Gunnar Strøm skriv om animert dokumentar. Erling Sivertsen har skrive eit kapittel med tittelen «Fotografier i bevegelse: stillfoto og dokumentarfilmen». Henrik G. Bastiansen skriv om fjernsyn utanfor allfarveg: «Oddgeir Bruaset og utkantdokumentaren i NRK». Pål Aam har skrive «Interaktiv historiefortelling med levande bilde. Det neste steget for dokumentarfilm og videonyheiter på nett».

Alt i alt gir boken eit innblikk i så vel etablerte sjangrar som nye og framveksande dokumentarformer. Den vender seg både til studentar og alle andre med interesse for dokumentarens form og innhald.

Henrik G. Bastiansen (f. 1964) og Pål Aam (f. 1969) arbeider begge som førsteamanuensar ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, der dei blant anna underviser på masterstudiet i dokumentar og journalistikk der dei ulike fasettane ved mediefaga blir knytt saman. Fagmiljøet i Volda er slik sett unikt, og kan samlast i det overordna omgrepet dokumentar.

Lenke til Den norske dokumentarfilmfestivalen.

Del på