Ny bok på prestisjeforlag om politiske parti og politisk marknadsføring

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

e65406e3748603206944beb57a9aa6d1c61f0e8f

– Med utgangspunkt i ein brei kritikk av den eksisterande, marknadsorienterte politiske teorien, byd boka på ny teori som tek sikte på å betre vår forståing av medlemsbaserte politiske parti og partisentriske, demokratiske system, forklarar Johansen.

Helene P. M. Johansen vart tilsett som som ny førsteamanuensis ved PR-utdanninga i fjor haust. Då kom ho frå Handelshøyskolen i Bodø, og har både mastergrada og doktorgrada si frå London School of Economics. Johansen har arbeidd med mellom anna politisk kommunikasjon, maktstrukturar og samfunnsøkonomiske strukturar.

Kritisk syn på tradisjonell, politisk marknadsføring

– Boka har også skarp, praktisk relevans i ei tid der dei politiske partia vert stadig meir opptekne av å marknadsføre seg, seier Johansen.

Boka byd på både billegare og meir effektive råd enn dei råda som partia ofte får frå sine såkalla marknadsekspertar i dag.

Les meir om "Relational Political Marketing in Party-Centred Democracies - Because We Deserve It" på Ashgate.com da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på