Ny professor ved Avdeling for mediefag

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Brønn har doktorgrad i Business Administration frå Henley Management College i England, og er tilsett som professor ved Institutt for kommunikasjon, kultur og språkda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b ved Handelshøyskolen BI, i tillegg til å leie Senter for virksomhetskommunikasjon same stad.

Ho er ein mykje brukt foredragshaldar og har publisert fleire vitskaplege artiklar og bøker om kommunikasjon, språk og omdøme, og er fagleg representant for Reputation Institute i Norge.

Kommunikasjon som eit strategisk leiingsverkty

No ynskjer fagmiljøet alle velkomen til ei open forelesing om kommunikasjon som eit strategisk leiingsverkty, fredag 4. november kl. 12.15-14.00 ved Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Store auditorium. 

Samarbeid med næringslivet

Professor II-stillinga er finansiert av VRI-prosjektet ved Høgskulen i Volda.

– VRI er eit sentralt verkemiddel for regional innovasjon og utvikling, og kompetanseauke i mediemiljøet vil bidra til ei styrking av samarbeidet med næringslivet i vår region, kommenterer også Bjørn Gunnar Tafjord, som er prosjektleiar for VRI ved Høgskulen i Volda.

Aukar kompetansen

Avdeling for mediefag tilsette også Helene P. M. Johansen som ny førsteamanuensis ved PR-utdanninga tidlegare i haust. Johansen kjem frå Handelshøyskolen i Bodø, og har både mastergrada og doktorgrada si frå London School of Economics, og har arbeidd med mellom anna politisk kommunikasjon, maktstrukturar og samfunnsøkonomiske strukturar.

– Vi realiserer måla om ei skikkelig kompetanseauke i kommunikasjonsfaga, noko vi vil satse på for fullt også framover, kommenterer programansvarleg Jens Standal Groven. Desse nytilsetjingane svarar på auka FoU-behov innanfor kommunikasjon og aukande søkjartal på bachelorgraden. Samstundes arbeidar vi på litt sikt med oppretting av ei mastergrad, seier han.

Del på