Prof. Stephen Walton nominert til Brageprisen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Klipp frå omtalen av nominasjonen på Samlaget sine nettsider:

Kva kan vitast om eit liv? Kva skjer når ein biograf prøver å skaffe seg eit liv, det vil seie livet til ein annan person?

Skaff deg eit liv! handlar om biografisjangeren. Mens interessa for og salet av biografiar har auka jamt dei siste åra, har ikkje teoriane om sjangeren utvikla seg like sterkt. Mange meiner at biografien er inne i ein renessanse, andre at han er i djup krise. Norske biografidebattar forfell fort til moralisering om kor grensa skal gå for kva vi skal fortelje om livet til ein annan person. Men skal det finnast ei grense i det heile? Kanskje kan sjølvbiografien vise veg. Den viser iallfall tydeleg kva vi føler motstand mot å skrive om.

Det er mellom anna dette Stephen J. Walton undersøkjer i denne boka. Ho inneheld tekstar knytte til grunnleggjande spørsmål om biografien og sjølvbiografien, og spenner over tidsrommet frå 1991 til idag. Walton er kritisk til den gjengse måten å skrive biografiar på, og etterlyser meir eksperiment og nye løysingar.

"Det er en drøm at læse! [...] Hvis alle biografikritikere kunne mobilisere en kreativ trodsighed, der er halvt så produktiv, befriende og animerende som Stephen J. Waltons, ville det biografiske felt se ganske anderledes ud."
Signe Lindskov Hansen, Prosa

Frå juryens grunngjeving:
"Språkforskeren og biografen Stephen Walton går i Skaff deg eit liv! i rette med sin egen profesjon: Biografene må løsne på de gamle romanimiterende formene, og våge å bruke seg selv. Forfatteren går selv foran som eksempel, og kommer gjennom å analysere eget liv til en erkjennelse av hvordan hans private forhold har virket inn på hans offentlige virke som biograf. […] Engelskfødte Walton bruker det norske språket med stor nyanserikdom, i en prosa som unner seg både humoristiske og skarpe utfall. Forfatterens engasjement koblet med nysgjerrighet og språklig oppfinnsomhet gjør den til en slagkraftig debattbok."
Les heile grunngivinga på Brageprisen sine nettsider

Skaff deg eit liv! er også omtala på HVO-veven tidlegare

IMG_8169_magasin_1

Professor Stephen Walton er nominert til Brageprisen
(klikk på bilete for å laste opp høgoppløyseleg variant)

Del på