Risikabel regissering

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

storfilmskapar
Robert Cannan og Corinna Villari-McFarlane var glade for å få visa opningsfilmen onsdag

- Å vise denne filmen for kronprins Haakon i dag kjennest som ein stor seier, fortel Robert Cannan og Corinna Villari-McFarlane. Dei kjem begge frå London, og sa at dei selde huset, slutta i jobbane og budde gratis hos venner i Europa for å lage denne filmen.

På spørsmål om kvifor Den Norske Dokumentarfilmfestivalen valde akkurat denne filmen som opningsfilm, svarte dei at det må vere fleire grunnar til dette.

- Filmen har eit skandinavisk tema, og i tillegg kjem skodespelarane frå mellom anna Noreg, Sverige, Finland og Australia, sa Robert.

- Filmen har også eit kommersielt preg, sa Corianna, den har noko for alle.

- Kva syns de om Volda?

- Det er nydeleg natur her, det er som ei heilt ny verd. Det er svært inspirerande for filmskaparar å vere her. I tillegg har me blitt godt mottekne av studentane og dei som jobbar med festivalen.

Engelskmennene meinte at Volda er ein perfekt stad for ein slik festival som Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

- Staden er liten og intim, og stemninga blir dermed ekstra god.

Tekst og foto: Anita Haugland

Del på