Skrik - Historien om et bilde

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

3b49a4add446582c31e830be5619f9171e502301
─ Skrik er spesielt fordi det har hoppa ut av kunsthistoria og inn i samfunnet. Dette på grunn av bilete sine kvalitetar og dei to tjuveri som har gitt det global PR, seier Gundersen, som er h
øgskulelektor på Avdeling for mediefag og journalist i Morgenbladet.

Boka fortel historia om Skrik både frå eit journalistisk og kulturhistorisk perspektiv, og er med inkludering av tjuveri og ran ei ganske annleis bok om eit kunstverk. Boka er blitt utsett fleire gonger, og sist på grunn av auksjonen i New York.

─ Eg måtte ha med salet i New York, og reiste bort for å få det med meg. Dette resulterte i eit kapittel i boka, seier Gundersen.

Boka kjem no ut samstundes som det er 150 års jubileum for Munch sin fødsel.

EI BREI HISTORIE

Med boka ønskjer Gundersen å fortelje historia om kvifor akkurat Skrik blei verdas kanskje mest berømte maleri, og verdas dyraste bilete då det vart seld på auksjon i fjor. Men boka fortel også ei større historie.  

─ Eg vil fortelje ei brei samfunnshistorie gjennom Skrik, og skildre kva kunst kan gjere.  Fortelje om maleriet si reise frå Munch sitt atelier i Berlin til dagens florering på Internett, seier Gundersen.  

KUNSTHISTORISKE TOLKINGAR

Boka går også djupt inn i ulike kunsthistoriske tolkingar. Kunstvitar Poul Erik Tjøner, som er direktør ved Loisiana-museet for moderne kunst i Danmark, formidlar sin fagkunnskap gjennom små essays og omtalar av bileta.

Sjå Bjarne Riiser Gundersen bli intervjua om korleis Skrik mogeleg blei til i Nasjonalgalleriet på NRK.

Del på