Solid disputas

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sjå omtale i Journalisten

Jan Fredrik Hovden er til dagleg tilsett ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen, ogdisputerte sist fredag med avhandlinga: "Profane and Sacred: A Study of the Norwegian Journalistic Field". Avhandlinga er ein breitt anlagt studie av norsk journalistikk som eit eige sosialt system, med utgangspunkt i den franske sosiologen Pierre Bourdieu sine teoriar om sosiale felt. Les eit samandrag her.

- Disputasen var ei svært hyggeleg oppleving. Opponentane Daniel Hallin og Frederic Lebaron stilte gode kritiske spørsmål på ein vennleg og interessert måte. Sistenemnde opponent gjekk noko i djubda i fransk multippel korrespondanseanalyse, men eg hadde heldigvis førebudd meg og eg trur eg klarte å svare tilfredsstillande, seier Jan Fredrik Hovden.

Interessant og omfattande

Fleire representantar frå Høgskulen var tilstades under disputasen, og vart imponerte over det Jan Fredrik Hovden viste.

- Vi må med rette vere stolt over å ha ein slik kapasitet i staben vår. Disputasen var i seg sjølv meget interessant og omfattande. Førsteopponenten sin dialog med Hovden klargjorde mange faglege utfordringar knytt til journalistar sine haldningar og roller og som kan vere ulike mellom nasjonar og kulturar, til dømes USA der førsteopponenten var frå. I denne dialogen blei det også avdelt mange gode forskbare problemstillingar. Så skifta perspektivet frå substans til metode, rettare sagt metodikk for å handtere dei substansielle utfordringane innan feltet og med stor vekt på nyare fransk metodeutvikling, fortel Rektor Jørgen Amdam.

hovden_amdam_johann_roppen_525

 Rektor Jørgen Amdam gratulerer Jan Fredrik Hovden med den solide disputasen. (Foto: Johann Roppen)

Opponentar

1. opponent under disputasen var Professor Daniel C. Hallin, PhD frå Department of Communication, University of California, San Diego, 2. opponent var Professor Frédéric Lebaron frå University of Picardie-Jules Verne, Pole Universitaire Cathédrale, Aminens Cedex og det tredje medlemmet i  komiteen var Professor Barbara Gentikow, Dr.Philos. frå Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

 

Disputasen vart leia av settedekan, professor Vigdis Broch-Due


 

opponentar_diskusjon_foto_johann_roppen_525
Diskusjonen mellom doktoranden og opponentane heldt også fram etter disputasen. Frå venstre professor Professor Frédéric Lebaron, professor Barbara Gentikow, settedekan professor Vigdis Broch-Due, professor Daniel Hallin og Jan Fredrik Hovden. (Foto: Johann Roppen)


 

opponentar_oppstilt_foto_johann_roppen_525

Frå venstre: Settedekan professor Vigdis Broch-Due, førsteopponent professor Daniel Hallin (University of California, San Diego), Jan Fredrik Hovden, tredjeopponent Barbara Gentikow (Universitetet i Bergen) og andreopponent Professor Frédéric Lebaron (University of Picardie-Jules Verne). (Foto: Johann Roppen)

Gjennomtenkt avhandling

Jostein Gripsrud, professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, var tilstades under disputasen og hadde følgjande kommentar.

- Det gjekk strålande. Jan Fredrik Hovden viste at han har mykje inne, og at avhandlinga er gjennomtenkt. Han fekk spørsmål frå to ulike vinklar, frå 1.opponenten som har bakgrunn i medie- og kommunikasjonsforsking og frå 2. opponenten med sosiologi som fagfelt. Sjølv med dei avanserte metodediskusjonane opponentane trakk fram, takla Hovden det på ein utmerka måte. Det er ein prestasjon det står respekt av, og det er det allmenn einigheit om i miljøet!

Jostein Gripsrud har tidlegare samarbeida med Jan Fredrik Hovden, då dei etter hovudfagsarbeidet gjennomførte studentundersøking knytt til sosial bakgrunn, val av studium og kulturelle preferansar ved alle institusjonar for høgare utdanning i Bergen.

Planar framover
Jan Fredrik Hovden er tilsett som post.doc på AMF sitt JOSAM-prosjekt for tre år. Knytt til det arbeider han med fleire prosjekt.
- I prosjektet "Hovdabrekka" er eg prosjektleiar for ein survey som skal gå til 20 nordiske journalistutdanningar no til hausten, og eg held på med ein institusjonsstudie av norske aviser, som eg og voner skal verte ein nasjonal-komparativ studie gjennom kontaktar i Paris og New York. Begge studiene er eit framhald av forskingsspørsmål frå avhandlinga. Det fyrste gjeld korleis profesjonsutdanning påverkar journalistiske preferansar og haldningar, det siste er eit forsøk på å studere journalistiske felt komparativt med andre land, fortel Jan Fredrik Hovden

Tre disputasar på ei veke

Førre veke var det tre disputasar ved Høgskulen. Første mann ut var høgskulelektor Kjetil Laurits Høydal, som tysdag 17. juni disputerte for graden Philosophia doctor klinisk medisin ved NTNU (les meir). Torsdag 19. juni disputerte høgskulelektor Erik Fooladi for graden Dr. scient. ved Universitetet i Oslo (les meir) og fredag 20. juni forskar Jan Fredrik Hovden.
- Veke 25 i år har vore ei spesiell veke for HVO. Frå å ha ingen tilsette som disputerte i 2007, har vi fått 6 til no i år og heile 3 i førre veke. Dei disputasane eg sjølv har vore med på og tilbakemeldingane eg har fått på dei andre, viser at kandidatane våre har halde ein meget høg fagleg standard og har greidd å "forsvare" seg på ein framragande måte. Det er ei stor styrke for dei einskilde fagmiljøa og for Høgskulen at vi har fått så mange gjennom "nålauget" som ein doktorgrad kan vere og vi reknar med å få fleire disputasar til hausten. I det heile er det svært viktig at vi greier å få til både reell og formell kompetansebygging og Høgskulen vil derfor satse endå større ressursar på forskarutdanning, stipendiatar og forskingsprogram. I år set vi i gang eit omfattande forskingsprogram innan fagdidaktikk med inn til 7 stipendiatar og som vil bli tilsett i haust. Neste år vil vi foreta ei tilsvarande satsing innan praksisnær profesjonsforsking spesielt knytt til profesjons- og masterutdanningane våre, seier Rektor Jørgen Amdam.

Her kan du lese meir om forskingsprogrammet innan fagdidaktikk.

Del på