Studentar og elevar lærer av kvarandre

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den siste veka har studentane vore saman med 6. klasse elevar frå Øyra skule og 10. klasse elevar frå Austefjord skule. Måndag starta dei med å lage filmmanus saman med elevane, der dei bestemte korleis og kva filmen skulle handle om. Tysdag og onsdag var det filming på programmet og resten av veka filmredigering. Neste veke er det 6. klasse frå Bratteberg skule som skal få prøve seg saman med studentane.

Studentane instruerer

På ei av gruppene er dei to MID-studentane Edle Holmin (26) og Karen Marie Lande (21), saman med sju 6.klasse elevar. Seline Alexandra Ilic og Jorun Hee Mathisen er to av elevane på gruppa, og i dag er dei med å redigere i lokala til MID.

- Det blir litt kaotisk dersom sju elevar og to studentar skal sitte rundt ei datamaskin. Vi gjer det slik at to elevar er med i gongen, og i mellomtida ser resten film. Det fungerer svært bra, seier Karen Marie.

 

_MG_6499_magasin

Karen Marie instruerar Seline og Jorun i korleis dei skal opptre framfor kamera.  

 

Studentane er flinke til å forklare og instruere elevane kva dei skal gjere framfor kamera. Elevane er ivrige og kjem med forslag. Seline snakkar om ein reklamefilm ho har sett, og kjem med ein ide for korleis lage rulletekst.

- Eg har lært mykje og trudde ikkje det var så mykje arbeid å lage film. Det tek tid, veldig mykje tid. Eg har oppdaga at eg ikkje er ein god skodespelar for eg berre ler, men etter seks forsøk greidde eg det. Eg synes det er veldig kjekt, men har ikkje tenkt så mykje på om det er dette eg vil gjere i framtida. Eg trur filmen vår blir veldig bra etter redigering, fortel Seline.

- Elevane har vore veldig flinke. I starten var det litt vanskeleg å instruere sju ivrige elevar, men etter kvart som vi vart kjende har det gått bra, seier Edle.

Oscarutdeling

Filmen dei lagar er krim med humor, der dei nyttar klønete folk som ein del av forteljinga. Filmen er på omtrent 5. minutt, men dei er samde om at ein gjerne skulle hatt meir tid.

- Vi har tatt med eit spøkelse, men filmen er morosam. Først ville vi gjere den skummel, men så fant vi ut at det var betre å gjere den spennande for å fenge publikum, seier Seline.

- Filmen handlar om mord, seier Jorun.

Gruppa har stor tru på at filmen blir bra, og at dei får pris. 15. april skal beste film kårast i eiga Oscarutdeling. Juryen er 2. og 3. klasse studentar på MID saman med faglærarar frå Høgskulen.

Funne tonen

Både elevar og studentar har mykje å lære av kvarandre, og ein får innblikk i korleis lære til andre.

- Eg har berre laga film ein gong før, og har ikkje arbeida så mykje med filmkamera. Eg lærer mykje i tillegg til at eg også instruerer og forklarar til elevane. Eg tenker mykje på det tekniske og kva vinklar vi bør bruke og slike ting, seier Karen Marie.

- Det er trening, og vi lærer heile tida nytt, tilføyer Edle.

- Dei har i så fall lært at barn er vedunderlege menneske, seier Seline og ser lurt bort på studentane. Dei ler.

 

IMG_8318_magasin

Edle diskuterar med elevane kva som blir best under redigering 

 

Det høyrest ut som elevar og studentar har funne tonen. Det viktige er at elevane har fått prøve korleis ein lagar film, og studentane har fått prøve korleis instruere og ha ansvar for det tekniske i filmproduksjon.

Her finn du meir informasjon om Medie, IKT og design og Mediekunnskap.

Del på