Teikneserieskapar og høgskulelærar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Torbjørn Lien er ein snart førtiårig serieskapar, og har budd i Volda sidan 1990. Han har alltid hatt teikneseriar som hobby, men med serien Kollektivet vart hobbyen meir og meir eit arbeid, og i dag lev han av å lage teikneseriar. I utgangspunktet er han tilsett som høgskulelærar ved Avdeling for mediefag, og har sidan 1998 arbeida primært ved animasjonsutdanninga.

- Dei siste åra har eg hatt ein del permisjon på grunn av serieskapinga, og i år har eg nesten full permisjon. Å lage teikneseriar tek fryktleg mykje tid, så det vart rett å slett umogleg å få til begge delar.


 torbjorn_3

Torbjørn Lien er serieskapar og høgskulelærar ved HVO


Torbjørn kom til Volda i 1990 for å gifte seg og studere. Han gjekk mellom anna førstekullet på den då toårige animasjonslinja ved mediefag. Etter studietida arbeida han nokre år som formingslærar på eit par vidaregåande skular, før han vart tilsett ved Høgskulen i 1998.
- Teikneseriar byrja eg med på barneskulen, og har vel gått heile stigen, frå å teikne for skrivebordskuffa, for venner, for ulike fanziner og lokalavisa, og til slutt enda eg opp som frilans serieteiknar for Schibstedforlaga. 

Torbjørn er fargeblind, men det påverkar han ikkje i særleg grad. Det er sjeldan han fargelegger seriane sjølv, då han gir instruksar til fargeleggarane, som er ein fast og dyktig stab i Litauen.

- For nokre enkeltoppdrag og småjobbar kan eg gjere fargejobben sjølv, men eg bruker mykje tid på det….

Frå start til suksess
Torbjørn Lien er mest kjend for teikneserien Kollektivet. Serien handlar om ein gjeng svært ulike menneske som bur saman i eit kollektiv, og som saman eller kvar for seg forsøker å løyse utfordringane i livet.
- Ideen kom på slutten av 90-tallet. Dagbladet hadde ein seriekonkurranse i -98, der eg laga ein serie kalla De Kreative. Serien nådde ikkje opp i konkurransa, og enda i skrivebordskuffa mi. Men samstundes la eg merke til at forlaga byrja å trykke stadig fleire norske serieteiknarar. På den tida var seriar som Pondus og Nemi på full fart oppover, og Karine Haaland – som eg studerte animasjon saman med her i  Volda – hadde byrja å få publisert sine striper. Sommaren 1999 sendte eg derfor De Kreative inn til forlaget, og dei beit på kroken. Serien vart den hausten arbeida om til Kollektivet, og kom fyrste gong på trykk i bladet Larsons Gale Verden i januar 2000. Sidan har serien vore fast biserie der, og har etter kvart kome med 15 eigne seriealbum og julehefte, og to samlebøker.

Mest kjend frå Kollektivet er den langhåra, metalfrelste Ronny. Torbjørn er ikkje heilt sikkert korleis denne figuren vart skapt, men han ønska å lage ulike typar som kunne settast opp mot kvarandre. I tillegg til dei ulike persontypane nytter han uvanlege namn med humoristisk undertone.
- Ronny vart mellom anna skapt som ei slags motvekt til muslimen Mounir, for å skape ei litt annleis polarisering enn den som er vanleg (”satanistar” vs kristne). Eg har alltid likt å leike med ulike rare namn. Mounir høyrer på mykje obskur techno og elektronica frå Midt-Austen, som ”Jihad Mix”,  ”Mad Mullah Experience”, ”Black Medina”, osv. Då eg skulle gi namn til Ronny sine ulike bandprosjekt, kom eg med ulike variantar.  ”Blackbreath”, ”Blacknails”, osv. ”Blacktööth” var det eg enda opp med til slutt, ikkje minst på grunn av tødlane. Alle metallband med respekt for seg sjølv bør ha tødlar over vokalane i bandnamnet sitt, synes eg…., seier Torbjørn.

ronny_1
Ronny frå bandet Blacktööth


Blackmetal, sjølvironi og humor

Teikneseriealbumet «Blacktööth - In Sorte Ridiculi» er ei samling av Blacktööth-historier som har gått fast i teikneseriebladet ”M”. Serien har etter kvart blitt ein av dei mest populære biseriane i bladet, og eit eiget album vart etterkvart eit krav. Det er også nokre helt nye episodar i albumet. Blacktööth er elles ein parodisk serie som handlar om blackmetal-bandet til Ronny i Kollektivet, og det dei opplevar både på scenen og backstage. Dei andre karakterane i Kollektivet er ikkje med i denne serien, som også er teikna i ein litt annan stil, og med ein litt annan rytme og stil på humoren.

 

Ein skulle tru at Torbjørn Lien er ivrig blackmetal fan sidan han lagar seriar om denne musikksjangaren.
- Eg høyrer på mykje musikk, og liker godt ulik metal, men blackmetal har eg ikkje noko særleg forhold til. Tvert om, eg synes sjangeren er sjølvhøgtidleg og latterleg, og det er også grunnen til at eg skapte serien ”Blacktööth” som eit eige prosjekt. For å parodiere og ha det gøy med ein sjanger som i mine auge er blotta for sjølvironi og humor.

På framsida av «Blacktööth» er bandmedlemmane utstyrt i full metallmundur (sjå her). Ein kan ane likskap til sceneantrekket til Dimmu Borgir. Torbjørn fortel at han på omslaget forsøkte å lage i ein tradisjonell stil lik platecoveratil tidlegare norske og utanlandske bm-band.  
- Omslaga var ofte monokrome, eller berre i svart, kvitt og raud, med mykje grimasar, fantasivåpen, mystisisme og slikt. Så då ville eg lage ei framside som stod litt i stil til det. Denne metalmunduren er ein parodi på typisk bm-klede, med så mykje naglar som mogleg, og gjerne der det ikkje er behagelig å ha naglar.. På nesten alle Kollektivet-albuma har eg forsøkt å laget titlar som er ein liten vri på kjente titlar eller utsegn eller ordtak. Den siste plata til Dimmu Borgir heiter jo ”In Sorte Diaboli”, og sidan eg synes det høyrast rimelig teit ut, måtte eg berre vri litt på den for å understreke nettopp det latterlege, seier Torbjørn.

Framtidsplanar

Torbjørn Lien har mange planar for framtida., og seier at både Blacktööth og Kollektivet har ein del spennande ting og utgivingar framfor seg i år, utan at han vil avsløre detaljar. I tillegg har han eit par andre serieprosjekt som skal realiserast i år, samlebok nummer 3 av  Kollektivet kjem til hausten, og til jul kjem sjølvsagt eit nytt julehefte med Kollektivet. Det ser ut til at serieskaparen har nok å gjere i tida framover.

Vil du lese meir om Kollektivet finn du den offisielle heimesida her

eller forlaget her.

 

 

sorte_ridiculi_1

 

Del på