– Trefte nerven i problemet vårt

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

98b7588de0329da8bc165f353370cfb9
Studentane Halvard Kvamme og Fredrik Vik var med på sørge for at Høgskulen i Volda får ein avtale med Avfallsforum Møre og Romsdal om kommunikasjonsarbeid i framtida.

I ein dryg månad fram mot jul arbeidde studentane som går det tredje og siste året på PR, kommunikasjon og media med eit prosjekt der dei hadde reelle oppdragsgivarar. Dette var eit arbeidskrav dei hadde i emnet Kommunikasjonsteori med prosjektpraksis. 

Studentane var delt inn i sju grupper og arbeidde på oppdrag for Ivar Aasen-tunet, PR-byrået Doxacom, forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 Nordvest, Sintef Marine, Vanylven Utvikling, Statens vegvesen og Avfallsforum Møre og Romsdal.  

Kvar gruppe skulle kome fram til løysingar på kommunikasjonsutfordringar som oppdragsgivarane hadde. I det store auditoriet i Berte Kanutte-huset presenterte Halvard Kvamme, Fredrik Vik og Siri Helena Halvorsen det dei hadde kome fram til for representantar for Avfallsforum Møre og Romsdal. Forumet er ein medlemsorganisasjon der statlege verksemder, kommunar og private bedrifter er med. Dei arbeider for utveksling av informasjon og idear om reduksjon, sortering, gjenvinning og sluttbehandling av avfall.

Omfattande prosess

Oppdraget til studentane var å heve omdømmet og auke rekrutteringa til avfallsbransjen for folk i aldersgruppa 15-25 år.

– Vi visste lite om bransjen på førehand og måtte skaffe oss kunnskap om den først. Difor var det ein stor fordel at vi fekk delta på ein konferanse dei hadde over tre dagar i november. Gjennom det vart det også tydlegare for oss kva utfordringa deira var, fortel trekløveret.

Dei gjennomførte så ei kvantitativ spørjeundersøking på nett og i tillegg kvalitative djupneintervju med personar i målgruppa.

– Då fann vi ut at det var lite negative haldningar til bransjen og at omdømmet deira var heilt ok. Men målgruppa hadde lite kjennskap til bransjen. Difor konkluderte vi med at det var eit informasjonsproblem, meir enn eit omdømmeproblem.

Dermed kom studentane Kvamme, Vik og Halvorsen fram til eit konsept der dei vil lage ein informasjonspakke til utdanningsmesser. Den skal innehalde ein film som vil verte vist på utdanningsmesser, ei informasjonsbrosjyre og ein flygar med portrettintervju som også kan delast i sosiale medium.

– Vi ser utdanningsmesser som den beste arenaen for å nå målgruppa og rekruttere dei inn i avfallsbransjen. Det er ein arena for tovegs kommunikasjon og multimedia. Her kan ungdom få eit godt innblikk i at ein treng arbeidstakarar med ulik utdanning i avfallsbransjen og at arbeidsoppgåvene er varierte.

Svarar på utfordringane

Dette var noko som vart tatt godt i mot av dei to representantane frå Avfallsforum Møre og Romsdal, som var til stades under presentasjonen.

– Det er eit veldig godt gjennomført gruppearbeid, der dei har treft nerven i problemet vårt. Eg synst også dei har treft bra med tiltaka som dei foreslår med utdanningsmessar og promoteringsfilm. Dette ser positivt ut, synest Linn Stokke, som er ein del av Avfallsforum Møre og Romsdal gjennom si stilling som informasjonsansvarleg i Nordmøre Interkommunale Renovasjonsselskap (NIR).

Ho får støtte av Petter Sandvik, kommunikasjonsansvarleg i Volda og Ørsta Reinhaldsverk, som også er ein del av Avfallsforum Møre og Romsdal.

– Dei svarar på dei utfordringane vi har. Vi er i ein bransje der det er mykje innovasjon og store moglegheiter i framtida. Vi ønsker å knyte til oss dei kloke hovuda og vise at vi er ein spennande bransje å arbeide i. Då kan eit slikt samarbeid som vi ser med desse studentane hjelpe oss, meiner Sandvik.

I etterkant av presentasjonen underteikna Avfallsforum Møre og Romsdal og Høgskulen ein avtale der arbeidet frå studentane skal vidareførast. Det skal no mellom anna verte laga ein promoteringsfilm der Kvamme, Vik og Halvorsen i ei viss grad vil vere med, men også der nye studentar skal delta. Der vil også studentar frå Media, IKT og design spele ei viktig rolle, fortel høgskulelektor ved Høgskulen i Volda (HVO) Kristian Fuglseth.  

avtalar som gir god praksis

Denne avtalen, der PR, kommunikasjon og media-studentar arbeider på oppdrag for ulike verksemder, vert no ein av fleire ein har ved HVO. Frå før har ein avtalar med Horisont 2020 Nordvest, Sintef Marine, Statens Vegvesen og Vanylven Utvikling som går i fleire år framover om kommunikasjonsarbeid.

– Slikt arbeid er den beste øvinga for studentane våre. Praksisfeltet vil ta imot våre studentar fordi dei har praktisk erfaring med reelle case. Slik praksis som desse studentane har fått no i haust er eit laboratorium for dei, meiner Fuglseth.

Det kan godt Halvard Kvamme, Fredrik Vik og Siri Helena Halvorsen sette to strekar under.

– Det er spennande og det gir ein større motivasjon med ein ekte oppdragsgivar. Ein legg ned litt meir innsats då og får ein smak på korleis det er å arbeide med kommunikasjon på ordentlig. I tillegg kan dette vere noko å vise fram til potensielle arbeidsgivarar framover.

Del på