Vestad gir ut ordliste i moldedialekta

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Moldeordlista vil vere til glede for alle moldensarar og til nytte for folk som ønsker å forstå moldedialekt også, seier Vestad.

Her kan ein finne adjektiv som frøsen, kårni og rokkete, substantiv som kaule, kokkelur og poppeloppe, verb som jasse, kebbe og kolve og uttrykk som steine, steise og få krea. I boka finn ein vidare tradisjonelle dialektord som kopptue og skomple og slang som sjov, sløy, børne og seff. Dei fleste av uttrykka deler moldedialekta med andre dialekter.

Moldeordlista inneheld vidare rundt 200 eksempel på mykje brukte replikkar, både utrop, ironiske uttrykk (særli!), sure svar (spar mé!), milde kraftuttrykk (gubben tralle!) og andre formuleringar som vi finn i moldedialekta, som o-hoi-lell. I tillegg innheld boka ei fyldig innleiing og ein artikkel om moldedialekt før og no. Dei mange illustrasjonane av Knut Tronstad speler med snert og humor både på orda og den tida dei har vore brukte i.

Med Moldeordlista er ordbruk frå Molde i nær fortid og i samtida endeleg samla. Dei fleste orda kjem frå tida mellom 1970 og 1990, og ein del namn er også med.

Knut Tronstad har vore illustratør, Synnøve Hungnes har vore formgjevar og Jon Peder Vestad har samla orda til boka. Utgjevar: forlaget Skrift og tale.

16853fd940e1726a42d2f44a7ecfa67c3279b714

Del på