Innhaldsrik forskarskulesamling ved høgskulen

Over åtti ph.d.-kandidatar og fagpersonar frå heile landet var samla på høgskulen nyleg. Forskarskulen PROFRES møttest til samling for å drøfte teoriutvikling og rettleiing.

PROFRES-samling i Volda mars 2025. Arrangørar og leiarar.

Frå venstre ser vi HVO-professor Ådne Meling, som var hovudansvarleg for symposiet, saman med medarrangørane og professorkollegaene Silje Louise Dahl og Kjartan Leer-Salvesen. Til høgre står PROFRES-leiar og UiS-professor Birgitta Haga Gripsrud og PROFRES-styreleiar og Nord-professor James N. McGuirk.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Ei veke i mars gjorde forskartettleiken i Volda eit stort byks. Då var nemleg forskarskulen PROFRES 2.0 samla ved Høgskulen i Volda (HVO) for eit fire dagar langt symposium.

Temaet for samlinga var «kreativitet og teoriutvikling – i og utanfor ph.d.-forsking», og ein stor delegasjon tok turen til Sunnmøre frå heile landet, mellom andre 55 ph.d.-kandidatar, 21 ph.d.-rettleiarar frå 8 utdanningsinstitusjonar.

Professor Ådne Meling hadde hovudansvaret for  symposiet, og han hadde med seg professor Silje Louise Dahl og professor Kjartan Leer-Salvesen, alle frå Avdeling for samfunnsfag og historie.

Godt nøgde med programmet

Ein forskarskule er eit tilbod som hjelper ph.d.-kandidatar med framdrift i forskingsprosjekta sine. PROFRES, som står for profesjonsretta og praksisnær forsking innan helse, velferd og utdanning, er ein av fleire forskarskular som HVO er medlem av.

PROFRES skal vere ein sosial arena for personleg og fagleg utvikling som eit supplement til ph.d.-programma i Noreg. Forskarskulen har opptak to gonger i året, og stipendiatar deltek normalt i tre år.

– Den første vi inviterte til symposiet, var Richard Swedberg. Han er den «alle» viser til innanfor området teoriutvikling, og han fungerte delvis som ein slags elefant i rommet, til dømes gjennom Carleheden sin presentasjon. Når Swedberg ikkje hadde høve til å delta, synest vi likevel at vi fekk på plass eit godt program med veldig dyktige folk. Vi er også veldig heldige som fekk med oss Rune Krumsvik og Silje Fekjær som «ess frå ermet» her i Volda, seier hovudansvarleg Meling.

Under arrangementet prøvde dei ein ny vri for PROFRES.

–  Programmet på tysdagen var eit forsøk på eit format som ikkje har vore prøvd i denne forskarskulen tidlegare, med kombinasjon av plenumspresentasjonar, arbeid i grupper og dialog rundt tekstar frå kandidatar. Eg synest iallfall at alle dei inviterte fagpersonane denne dagen [Andersson, Vassenden og Tavory] handterte dette veldig fint, og håpar kandidatane fekk noko ut av det. seier Meling.

Ufarleggjorde det å tenkje teoriutvikling

Professor Iddo Tavory ved New York University, som deltok digitalt på  symposiet, hadde ein av fleire programpostar som mange av deltakarane fekk mykje ut av. Han tok føre seg temaet «Abductive Analysis in Action: Theory, Method and Engagement in Qualitative Research».

–  Tavory har jobba mykje med kvalitativ analyse og teoriutvikling, og det var veldig interessant å høyre korleis han tenkte om desse temaa. Ofte kan det å tenkje rundt teori verke langt vekke, men Tavory la mellom anna vekt på det å vere klar for å oppdage det uventa i datamaterialet og å bruke teori og metode til å møte det uventa, seier medarrangør Dahl.

To av dei andre hovudtalarane, professorane Mette Andersson (UiO) og Anders Vassenden (UiS), fekk også gode tilbakemeldingar frå deltakarane for å ha tatt utgangspunkt i det vanskelege temaet «Ph.d. og teoriutvikling» og gjere det meir tilgjengeleg for tilhøyrarane – mange av dei med eigne ph.d.-prosjekt i emning.

Silje Fekjær, professor ved Oslomet.
Oslomet-professor Silje Fekjær delte gode råd for stipendiattilværet. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Korleis overleve som doktorgradsstipendiat

«Hvordan overleve som ph.d.-student» var temaet til hovudinnleggshaldar Silje Fekjær. Ho er prorektor for utdanning ved Oslomet og hadde gledd seg til å kome til Volda.

– Dette er jo den vakraste høgskulen i landet, smilte professoren, som arbeidde eit år ved HVO rundt tusenårsskiftet.

Fekjær ville nå fram til ph.d.-studentane i forskarskulen med gode råd om stipendiattilværet.

– Det er ein ganske spesiell periode, og for mange ganske forvirrande og overveldande. Eg trur mykje av det ein fort blir usikker på, blir lettare om ein snakkar høgt om det.

Ho meiner stipendiatar gjer lurt i å ta bevisste og strenge val om si eiga tid, særleg i starten.

– Det er jo ei unik moglegheit å få full løn i tre år for å skrive om det som interesserer deg aller mest. Men tek ein denne fridomen litt langt, så svir det ordentleg hardt i sluttfasen, noko mange opplever.

Forklar det til oss som ikkje er i denne bobla: Korleis unngår ein å gå seg vill i sitt eige hovud?

– Ganske mange prøver å skrive ein doktorgrad åleine på kjøkkenbordet, men veldig få klarer det. Eg trur du er nøydd til å ha eit fagleg miljø rundt deg og kontakt med både rettleiarar og andre stipendiatar, også med tanke på å strukturere arbeidet ditt.

Det sosiale og faglege fellesskapet ein forskarskule som PROFRES kan tilby på tvers av utdanningsinstitusjonane, ser Fekjær mange gevinstar ved.

– Du lærer ting du elles ikkje ville lært, og finn saman med nokon som går same veg som deg, omtrent i same takt. Og det at engasjerte folk som driv forskarskulen, tek deg under vengene sine og følgjer deg opp, det er ordentleg fint for stipendiatar. Når det blir match med dei rette folka, kan det utgjere ein kjempeforskjell.

Sjølv om dei store institusjonane kan skilte med større fagmiljø, trur Fekjær det også kan ha mange styrkar å vere forskar ved ein mindre studiestad som Volda.

– Ein stipendiat på ein stor institusjon kan føle seg veldig isolert, men om du kjem inn i eit fagmiljø her i Volda, blir du kjend med folk ganske fort. Eg trur det skaper eit hyggjelegare arbeidsmiljø med mindre skarpe olbogar for stipendiatane.

Nyttige og inspirerande dagar

Rune Krumsvik, professor ved UiB og professor 2 ved HVO, var ein av dei andre hovudtalarane som tok føre seg  den viktige relasjonen mellom ph.d.-stipendiat og rettleiar, under temaet «Research and discussion on supervision in the PhD».

Under paraplyen teoriutvikling var også professor Mikael Carleheden (København universitet) representert med hovudinnlegget «Methods of theorizing: On the role and practice of theorizing in social science».

Etter fire dagar med påfyll reiste PROFRES-deltakarane tilbake til sine respektive institusjonar. Med i sekken hadde dei inspirasjon og motivasjon frå forskarskulen til å ta nye steg mot milepålen dei jobbar mot: fullført doktorgrad.

I evalueringa etter samlinga svarer 93,5 prosent av deltakarane at dei er nøgde med organiseringa av symposiet.

– Dette har vore veldig nyttige dagar, både for oss rettleiarar og for dei som er i stipendiatstillingar og jobbar med doktorgradsprosjekt, konkluderte fornøgde arrangørar ved HVO.

Del på: