PR og kommunikasjon24

PR, kommunikasjon og media

Bachelorgrad

Er du interessert i media, marknadsføring, PR, journalistikk og strategisk kommunikasjon?

Kommunikasjonsutdanninga i Volda kvalifiserer for medie- og kommunikasjonsfagleg arbeid i private bedrifter, offentleg sektor og frivillige organisasjonar.

Studentane får seg arbeid i alt frå kommunikasjonsbyrå, til industri og næringslivet eller i internasjonale hjelpeorganisasjonar, sportsklubbar og underhaldningsbransjen. Her kan du blant anna jobbe som PR- og kommunikasjonsrådgivar, innhaldsprodusent eller vere ansvarleg for sosiale medier.

Høgskulen i Volda har i dag eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. Vi samarbeider tett med arbeidslivet, noko studentane får nytte av gjennom relevante gjesteforelesingar og gode praksisordningar.

Sjekk ut podcasten som studentane laga om si eiga utdanning i ei studentoppgåve!.

Sjekk også ut #PRprat som har gått kvar onsdag klokka 12.00 våren 2024

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Møt Mathias Vasbotn Remmereit, tidlegare student ved PR, kommunikasjon og media. Studiebygda Volda byr på mange moglegheiter med sine gode utdanningar, mange festivalar og fantastisk studentmiljø!

PR-prat på Teams våren 2024.

Våren 2024 arrangerer Institutt for kommunikasjon #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Du kan bli med på Teams kvar onsdag eller sjå redigerte opptak her!

Våren 2024 arrangerer Institutt for kommunikasjon #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Du kan bli med på Teams kvar onsdag eller sjå redigerte opptak her!

Tre studenter på fest

Kan det friste med en kreativ hverdag, anerkjent medieutdanning, topp moderne utstyr og kanskje et halvår på utveksling? 

Kan det friste med en kreativ hverdag, anerkjent medieutdanning, topp moderne utstyr og kanskje et halvår på utveksling? 

Tidlegare Høgskulen i Volda-student, Trym Bergan Solli, har fått draumejobben hos DNT.

Det tok tre dagar frå han var ferdig med PR, kommunikasjon og medie-bacheloren til Trym Bergan Solli var på plass i fast stilling og draumejobben i DNT.

Det tok tre dagar frå han var ferdig med PR, kommunikasjon og medie-bacheloren til Trym Bergan Solli var på plass i fast stilling og draumejobben i DNT.

Studieinnhald

1. semester: Studentane gjennomfører vår “rekruttskule” med Adobe workshops og opplæring i foto og video, lage trykksaker og dei nødvendige programvarene. Det vert fokusert på ulike former for kommunikasjonsstrategiar, i tillegg til innføring i norsk samfunnsliv. Denne undervisninga er felles med studentane på journalistikk.

2. semester: Medan første semester handla mykje om ekstern og utadretta kommunikasjon, handlar andre semester om intern kommunikasjon. I tillegg lærer studentane om ytringsfridom og media si rolle i demokratiet. I lys av tidsaktuelle hendingar lærer studentane kritisk refleksjon kring media si utvikling og rolle i samfunnet. Her er det også felles undervising med journalistikk og medieproduksjon.

3. semester: Studentane brukar kunnskapen frå første året til å gjennomføre praktiske prosjekt for bedrifter og organisasjonar. Så skal alle studentane lære journalistisk metode og ulike former for nyhendeproduksjon, nyhendevurdering og presseetikk – også felles med journalistikk og medieproduksjon.

4. semester: No kan studentane fritt velje emne i inn- eller utlandet som skaper variasjon og tverrfaglegheit i si studieportefølje. Dei kan reise nesten kvar som helst i utlandet eller velje mellom partnarar i Noreg. Nokre vil auke kultur- og språkkompetanse medan for andre er det viktig å fordjupe seg i ei fagleg interesse.

5. semester: Bærekraft, samfunnsansvar og omdømme er sentrale fagfelt som mange vil møte i arbeidslivet. Dette er difor viktige temaer i medieutdanningane ved Høgskulen i Volda (HVO). Mange studentar kombinerer perspektiva i ei større fordjupningsoppgåve som dei leverer i medievitskap. Dette er også felles med journalistikk og medieproduksjon.

6. semester: Siste semester startar med turbovekene som førebur studentane på å arbeide i ekstern praksis hjå ein av Høgskulen i Volda (HVO) sine mange og varierte praksisplassar rundt om i heile landet. HVO har eit godt utbygd nettverk av praksisplassar i bedrifter og ulike organisasjonar. Dette er eit opplegg som vi har mange tiårs erfaring med. Studentane skriv ei avsluttande oppgåve om praksisopphaldet som eit førebels punktum for utdanninga i Volda. Vi har likevel fleire og fleire studentar som vel å halde fram på Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergrader i Noreg eller i utlandet.

Praksis og utveksling i utlandet

Det er mogleg å gjennomføre delar av dette studiet i utlandet. Høgskulen har gode utvekslingsavtaler med universitet som til dømes University of Westminister i London, Griffith College Dublin i Irland eller Hawaii Pacific University i USA.

Det er også mogleg med utveksling til andre samarbeids-institusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Japan, Nederland, Sør-Korea og Tyskland.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp i ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. Du får også tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar. Det vert lagt stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis, og undervisninga er kombinert med jobbrelevante praksisordningar.

Det siste semesteret skal du gjennomføre ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller i anna relevant verksemd.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i PR, kommunikasjon og media kvalifiserer deg til kommunikasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar og private verksemder. 

Relevante arbeidsplassar vil vere kommunikasjonsbyrå og ulike stillingar i både frivillig, privat og offentleg sektor. Her kan du blant anna jobbe som PR og kommunikasjonsrådgivar, innhaldsprodusent eller vere ansvarleg for sosiale medier.

Utdanninga kan også gi grunnlag for andre karrierevegar avhengig av arbeidsmarknaden, personlege interesser og eventuelt vidare studium. Bachelor i PR, kommunikasjon og media kvalifiserer for opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergrader i Noreg eller i utlandet.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart i Volda er 20. august.

Oppmøte ved scenen og den store opningsseremonien ved Berte Kanutte-husetSjå programmet, tid og stad.

Når denne seremonien er ferdig vil di faddergruppe for PR, kommunikasjon og media ta deg med til Sivert Aarflot-huset, der du møter dei fagleg tilsette og staben som skal bli dine lærarar her ved Avdeling for mediefag.

Deretter går vi samla til vårt klasserom – Sivert Aarflot, rom 269 (PR-basen), og det er her du skal møte dei neste dagane.

Pensum

Hausten 2024 er det desse emna som går, her finn du pensumlister:

INF131

SAJ101

Studieplan

PR, kommunikasjon og media - bachelor

Studieprogram: 
PR, kommunikasjon og media - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
36
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studentar frå bachelorprogrammet i PR, kommunikasjon og media er etterspurde i arbeidslivet nasjonalt og internasjonalt. Alle organisasjonar kommuniserer med omverda, og behovet for truverdig kommunikasjon aukar.  Bachelorprogrammet utdannar sjølvstendige, leiande, kreative og kritiske kommunikasjonsmedarbeidarar som ofte endar opp som leiarar i verksemder med ansvar for strategisk utviklingsarbeid og store prosjekt.

Studiet kvalifiserer for kommunikasjonsarbeid i alle sektorar i arbeidslivet, men kandidatane kan også arbeide innanfor film, journalistikk, sosiale medium, m.m. Du lærer å planlegge og gjennomføre strategiske kommunikasjonstiltak. PR- og kommunikasjonsutdanninga i Volda har opparbeidd eit svært tett samarbeid med arbeidslivet som studentane får nytte av i gjesteførelesingar frå sentrale kommunikasjonsfolk, gjennom praktisk prosjektarbeid og ekstern praksis i arbeidslivet. Studentane har praktiske oppgåver, prosjekt eller praksis kvart år. Studiet er godt tilrettelagt for minst eit semester i utlandet.

Avdeling for mediefag i Volda er kjent som det sentrale utdanningsmiljøet i Noreg innan media og kommunikasjon. Her har det vore tilbod om kommunikasjonsutdanning sidan 1971, i tett samspel med utdanningane i journalistikk, animasjon og medieproduksjon.

Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak på Master in Media Practices på Høgskulen i Volda og andre relevante mastergrader.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten skal

  • ha brei kunnskap om grunnleggjande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan medie- og kommunikasjonsfaget
  • vere oppdatert på sentrale forskingsspørsmål innan kommunikasjonsteori, journalistikk og medievitskap
  • kunne oppdatere sin kunnskap om kommunikasjonsteori
  • ha kunnskap om kommunikasjonsfaget sin eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Kandidaten skal

  • kunne meistre verktøy for mediefaga, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer
  • kunne samarbeide om kommunikasjonprosjekt
  • kunne arbeide sjølvstendig og leie kommunikasjonsarbeid
  • kunne bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • kunne reflektere kritisk over eigen fagleg praksis og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Kandidaten skal

  • ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kjenne til korleis innovasjonsprosessar fungerer
  • kunne utøve kritisk og sjølvstendig tenking og presentere eit velformulert resonnement
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet er oppbygd slik:

  • PR- og kommunikasjonsemne: 80 studiepoeng
  • Medievitskap: 40 studiepoeng
  • Journalistikk og samfunnskunnskap: 30 studiepoeng
  • Valfrie emne: 30 studiepoeng

Studieløpet har tett, tverrfagleg samarbeid med journalistikk, medieproduksjon og animasjon. 

Studieløpet har tett samarbeid med arbeidslivet gjennom besøk i bedrifter, gjesteforelesingar frå næringslivet og andre organisasjoar, oppdrag frå private eller offentlege verksemder og tilbod om studieturar.

I den valfrie delen av studiet har studentane stor fridom til å fordjupe seg i eit sjølvvald fagområde. Her kan ein anten velje medierelaterte emne ved Avdeling for mediefag, t.d. entrepenørskap, foto, film eller design, eller ein kan velje fordjuping på andre fagområde, t.d. samfunnsfag, økonomi eller språk. Dei valfrie emna vert valde i samråd med studierettleiar eller faglærar i samband med oppsett av utdanningsplan.

Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet. Studentar med tidlegare fullførte studium i emne/fag frå andre høgskular/universitet i Noreg eller utlandet, kan søkje om å få desse godkjende og innpassa som valfri del av bachelorgraden.

I studiet er det lagt opp til stor variasjon i undervisnings- og vurderingsformer. Undervisninga foregår både som forelesingar i store grupper, i mindre seminargrupper og som prosjektarbeid. Praktiske øvingar, både individuelt og i grupper, er også ein viktig del i mange av delemna. Vurderingsformene er varierte, og omfattar m.a. medieproduksjonar, gruppearbeid, heimeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg og større sjølvvalde oppgåver.

Praksis

Kommunikasjonsutdanninga legg stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis. Heilt frå første semester gjennomfører studentane ulike praktiske øvingar og prosjekt. Det lagt opp til interne oppgåver tidleg i studieløpet. Vi har faste avtalar med private bedrifter, offentlege og ideelle verksemder om oppgåver for studentane, praksisplassering eller gjestelærarar, og arbeidar mellom anna tett med kompetansesenter, reiseliv, forskingsinstitusjonar, kontor for samfunnskontakt, studentsamskipnadar og andre org. både nasjonalt og i regionen. Seinare er det aktuelt med større prosjekt i samarbeid med arbeidslivet, næringsklyngene, interessegrupper, organisasjonar, myndigheiter og næringsliv i regionen, nasjonalt og internasjonalt. Vi hentar oppdrag frå arbeidslivet til praksisoppgåver og studentaktivitetar som er med på å knyte verdifulle nettverk til arbeidslivet og potensielle arbeidsgjevarar.

Siste semester legg til rette for at studentar kan ha ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller anna relevant verksemd. Dette kan vere i offentleg forvaltning, i ein organisasjon, i ei bedrift eller i eit PR-byrå. Gjennom ein slik praksis kan studentane få eit unikt innblikk i kommunikasjonsfunksjonen i ulike verksemder og høve til å knyte verdfulle kontaktar med tanke på vidare karriere.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet. Vi har fast samarbeid med ei rekkje land, men studentane står relativt fritt til å velje utveksling til alle delar av verda.

Anna
I deler av studiet er det krav om obligatorisk frammøte. Det blir gitt tilbod om å delta på ein eller fleire frivillige studieturar i løpet av utdanninga.
Ansvarleg
Jens Standal Groven
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 223 453

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt