14. mai 2019Sjå fagdag om psykisk helse i opptakOnsdag 15. mai frå kl. 10.00 sendte vi fagdagen om psykisk helse med den anerkjende foredragshaldaren og professor emeritus i helsepsykologi Arne Holte direkte. Her kan du sjå opptaket.
14. mai 2019Vil gjere biblioteket til din andre heimDen anerkjende arkitekten Aat Vos sparka i gang dei spreke planane for korleis høgskulebiblioteket kan bli. No har Høgskulen fått pengar frå Nasjonalbiblioteket for å fortsette arbeidet.
13. mai 2019Ny tilstandsrapport: Må stenge symjehallen- Symjehallen må stengast og er tilrådd riven. Det er konklusjonen på ein tilstandsrapport Statsbygg har fått. Det er diverre slik at det ikkje lenger er forsvarleg å halde symjehallen open. Statsbygg har informert høgskulen og Volda kommune om rapporten.
10. mai 2019Volda-studentar med i Gullruten-jurySeks studentar ved Høgskulen i Volda har vore med på å avgjere kven som skal få dei prestisjetunge Gullruten-prisane under det direktesende TV-showet laurdag 11. mai.
10. mai 2019Populær og viktig konferanseOver 100 personar deltok tysdag på ein konferanse om læringsteknologi for ungdom med Asperger og Tourettes syndrom.
09. mai 2019Tre millionar til ombygging av auditoriumPengane kjem frå ei ordning regjeringa har for å ruste opp undervisningslokale med tanke på nye undervisningsformer. – Vi ønskjer å skape eit auditorium som gjer det mogleg veksle mellom ulike måtar å undervise på, seier dekan ved Avdeling for samfunnsfag Odd Ragnar Hunnes.
09. mai 2019Hildegunn Valen Kleive har disputert ved MFHildegunn Valen Kleive disputerte 10. mai 2019 for ph.d. graden ved MF vitenskapelig høyskole med avhandlingen "Not that religious: A study of young Tamil religiosity in north-western Norway.
03. mai 201917 tilsette nominerte til dei fire interne plassane i styret17 tilsette nominerte til dei fire interne plassane i styret.Valkomiteens leiar, Mona Cecilie Andersen seier at det er mange gode kandidatar og alle avdelingane er representerte.
03. mai 2019Nominert til innovasjonspris med HVO på lagetUlstein kommune er nominert til Kommunal- og moderniseringsdepartementets nasjonale innovasjonspris for 2019. Sentralt er samarbeidet med Høgskulen i Volda om bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga.