Ny tilstandsrapport: Må stenge symjehallen

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Magnus Kobbevik Mikalsen

- Oppdatert

- Symjehallen må stengast og er tilrådd riven. Det er konklusjonen på ein tilstandsrapport Statsbygg har fått. Det er diverre slik at det ikkje lenger er forsvarleg å halde symjehallen open. Statsbygg har informert høgskulen og Volda kommune om rapporten.  

Statsbygg eig symjehallen og idrettsbygget, med Høgskulen i Volda som leigetakar. I utgangspunktet hadde HVO kontrakt for bruk av symjehallen ut kalendaråret 2020, men den nye rapporten viser at tilhøva er for dårlege til å forsvare vidare bruk. 

- Sjølv om det er veldig leit at symjehallen må stenge, er vi glade for at Statsbygg har undersøkt tilhøva. Det viktigaste er at dei som nyttar seg av hallen skal ha trygge og gode tilhøve, og når det viser seg at tilstanden ikkje er god nok, forstår vi at anlegget må stengast, seier fungerande direktør ved Høgskulen i Volda, Per Halse. 

Saka gjeld symjehallen og ikkje den delen av bygget som husar idrettshall. Idrettsdelen vil bli driven vidare som før.Tilsette og studentar ved HVO, Volda kommune og VTI symjegruppa har vore mellom brukarane av symjehallen. 

- Hallen har vore ein verdifull ressurs både for skulane og lokalsamfunnet elles i nærare seksti år, og det er trist at levetida no er ute. Men når ekspertisen slår fast at det vil krevje urimeleg store investeringar å utbetre anlegget til forsvarleg standard, så må vi innrette oss etter det, seier Halse.


Symjehallen vert då stengt for sommaren tidlegare enn planlagt, med effekt allereie frå måndag 13. mai. 

Foto: Magnus Kobbevik Mikalsen

Del på