Fordømmer det russiske åtaket

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda seier høgskulen støttar det ukrainske folket og fordømmer det russiske åtaket på Ukraina. Han har skrive om dette i eit blogginnlegg. Teksten er også tilgjengeleg på ukrainsk. 

Les Roppens blogginnlegg her

Det er få tilsette og studentar frå Ukraina ved Høgskulen i Volda, og høgskulen har ingen partnaruniversitet i Ukraina. 

Alle studentar blir oppmoda til å ta kontakt med lærarane sine eller våre støttetenester om dei har problem eller treng nokon å prate med i denne situasjonen. Les meir om tilbodet her.  

Høgskulen har også tilsette og studentar frå Russland og andre land frå den aktuelle regionen, og Roppen seier det er viktig alle tilsette og studentar på høgskulen skal kjenne seg velkomne og få lik behandling. Når vi fordømmer krigen så er kritikken retta mot Putin, og ikkje det russiske folket. 

Roppen har også skrive eit blogginnlegg med støtte til det ukrainske folket.

Universitets- og høgskulerådet har også fordømt det russiske åtaket på Ukraina. Fråsegna kan lesast her

 

Del på