Hurra for 17. mai!

Tekst: Terese Balsnes

I Volda blir nasjonaldagen feira med eit rikhaldig og variert program for store og små frå morgon til kveld. 

Bli med i folketoget!

Tradisjonen tru deltek høgskulen i folketoget som startar frå Volda omsorgssenter kl 15.30. I år er det Avdeling for mediefag som ber HVO-fana, og alle studentar og tilsette er velkomne i toget. Høgskulen stiller opp som nr. 15, bak Volda læringssenter og før Studentsamfunnet. 

Nasjonal festkonsert

I løpet av dagen kan ein få 17. mai-kjensla på ulike konsertar av bygda sine kor og korps, det vert talar, barneleikar, kransing av Krumsvikbautaen, gudstenester og kino. Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, med dirigent Elizabeth Oltedal, avsluttar dagen med nasjonal festkonsert i Volda kyrkje kl 20.00. Alle er hjarteleg velkomne til ein sprudlande konsert med norsk musikk, og festprogrammet sitt hovudverk: Edvard Grieg sin Klaverkonsert i a-moll, Op. 46, med solist Eirik Stave. Publikum kan også gle seg til urframføring av eit heilt nytt stykke av Torgrim Skjerdal. 

Høgskulen i Volda ønsker alle til lukke med nasjonaldagen!

Les meir: 

Del på