Klimarapport for HVO: Lågare utslipp i 2019

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: stiftelsen miljøfyrtårn

- Oppdatert

Klima- og miljørapporten for 2019 er klar. Den viser at Høgskulen i Volda har lågare utslipp som følgje av reiser, og at fokus på kjeldesortering gir resultat. 

Som sertifisert miljøfyrtårn, leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Nyleg vart rapporten for 2019 lagt fram for Arbeidsmiljøutvalet (AMU). "AMU tek rapporten til vitende og støttar arbeidet med å gjere høgskuleområdet meir miljøvennleg", skriv utvalet etter gjennomgangen av klimatala for fjoråret. Då hadde dei fått presentert ei positiv utvikling på nokre av dei områda høgskulen har jobba med: 

  • Tal på leverandørar som har eit miljøleledelsesystem har auka til 17 i 2019
  • Energiforbruket per kvadratmeter er redusert med 16 prosent samanlikna med 2018
  • Co2-utlsepp frå flyreiser er redusert med 54 prosent
  • Totalt drivstoffbruk er redusert med 13 prosent
  • Mengda kjeldesortert avfall har auka

I saksframlegget til AMU vert det vist til at det er sett opp nye kjeldesorteringsstasjonar, og at fleire skal kome. I samarbeid med studentar vil det bli laga informasjonsmateriell og filmar for å oppmode til meir sortering framover. Høgskulen vil også bygge tak over sykkelparkeringane sine og legge til rette for sykling til jobben. 

 

 

 

Del på