Kven bør få prisen for kvalitet i utdanninga 2024?

Har du opplevd ekstra god undervisning ved høgskulen, anten frå ein lærar eller frå eit fagmiljø, og ønskjer å gje kudos tilbake? No har du sjansen: Nominer din kandidat til prisen for kvalitet i utdanninga 2024 innan 13. oktober!

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

Tekst: Webmaster Volda, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Har du opplevd ekstra god undervisning ved høgskulen, anten frå ein lærar eller frå eit fagmiljø, og ønskjer å gje kudos tilbake? No har du sjansen: Nominer din kandidat til prisen for kvalitet i utdanninga 2024 innan 13. oktober!

Prisen for kvalitet i utdanninga blir delt ut kvart år ved Høgskulen i Volda (HVO). Det er studentar og tilsette som nominerer kandidatane.

Målet med utmerkinga er å heidre ein person eller eit fagmiljø som har gjort ein markert innsats med å utvikle utdanningskvaliteten innanfor eit fagfelt, studium eller emne ved HVO.

Kva blir det lagt vekt på?

Ved tildeling av prisen skal det leggjast vekt på ein systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid.

Det blir lagt vekt på god evne til formidling og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer.

Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga
fagleg og pedagogisk utvikling.

Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga skal vere grunngjevne. Merk fristen: 13. oktober.

Prispengar til utvikling

Det er høgskulestyret som tildeler prisen, etter innstilling frå utdanningsutvalet. Tildelinga skjer etter planen i styremøtet i desember.

Prisen er på 30 000 kroner eller 50 000 kroner, avhengig av om ein enkeltperson eller eit fagmiljø er mottakaren. Prisen skal nyttast på tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling med tanke på kvalitet i utdanning, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til utdanningsarbeid.

Del på: