Millionstøtte til HVO-satsing på kjønnsbalanse og mangfald

Eit prosjekt for betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved Høgskulen i Volda (HVO) har fått 1 million kroner frå Forskingsrådet. – No kan vi vidareføre eit viktig og effektivt arbeid ved høgskulen, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Forskingssjef Henriette Hafsaas ved HVO har fått støtte til eit nytt balanseprosjekt i 2024.

Forskingssjef Henriette Hafsaas ser fram til å starte prosjektet «Equality in sight: Balanse og mangfald ved Høgskulen i Volda» 1. april 2024. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Eit prosjekt for betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved Høgskulen i Volda (HVO) har fått 1 million kroner frå Forskingsrådet. – No kan vi vidareføre eit viktig og effektivt arbeid ved høgskulen, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

– Det var kjekt å få beskjeden om støtte frå Noregs Forskingsråd. Dette gjer at vi kan fortsetje det viktige arbeidet vi starta gjennom førre balanseprosjekt ved høgskulen, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda (HVO).

I 2021–22 fekk nemleg HVO støtte frå Forskingsrådet til prosjektet «Kvinneløftet», som mellom anna bidrog til ei dobling i kvinneleg toppkompetanse ved HVO.

Frå lanseringa av Kvinneløftet ved HVO i 2021.
Frå lanseringa av Kvinneløftet ved HVO i 2021, på FNs internasjonale dag for kvinner og jenter innan forsking. F.v.: HVO-professorane Wenche Torrissen, Silje Louise Dahl og Siv Måseidvåg Gamlem. Foto: A. Remmereit.

I 2024 er det prosjektet «Equality in sight: Balanse og mangfald ved Høgskulen i Volda» som står på agendaen, med forskingssjef Henriette Hafsaas som prosjektleiar. Visjonen her er ei nærståande framtid med betre kjønnsbalanse og meir mangfald ved HVO.

Sjølv om kvinner lenge har vore i fleirtal blant masterstudentar og stipendiatar i Noreg, er det framleis flest menn som blir professorar – og den same skeivskapen finn vi ved HVO.

Støtta på 1 million kroner frå Forskingsrådet sikrar at det toårige HVO-prosjektet kan starte opp 1. april 2024, og prosjektleiar Hafsaas ser fram til å kome i gang med arbeidet.

Mål om opprykk og tiltak som famnar vidt

Det HVO skal jobbe mest med i det nye balanseprosjektet, er å få bukt med strukturelle og kulturelle årsaker til skeivskap når det gjeld kjønn og mangfald ved høgskulen.

Måla for prosjektet omfattar talfesta opprykk og kompetanseheving for kvinner, lik kjønnsfordeling i publisering og forskingssøknader og dessutan at  mangfald blir meir synleg på hivolda.no.

Tiltaka blir retta mot heile institusjonen, både leiarar og tilsette. Prosjektarbeidet blir også styrkt gjennom samarbeid med andre institusjonar i nettverket BalanseHub, leia av NIFU.

– Vi har skissert fleire gode tiltak vi har trua på. Vi vil blant anna halde seminar og verkstad for vitskapleg tilsette for å fremje eit bevisst forhold til kjønnsbalanse og mangfald i pensumlitteraturen. Vi vil også jobbe for at dei aktuelle målgruppene får til meir vitskapleg publisering, sidan det er den viktigaste faktoren for å drive ein forskarkarriere framover, fortel forskingssjef Hafsaas.

  • Les meir om forsking ved HVO her.

Ser at HVO har mykje å hente

Sjølv om mange kvinnelege tilsette ved HVO publiserer godt, og rekordmange HVO-kvinner disputerte i fjor (khrono.no), viser statistikken at HVO er mellom dei institusjonane i universitets- og høgskulesektoren som har størst utfordringar med kjønnsbalanse.

– Særleg ser vi dette ved at vi har mange kvinner på dei låge karrieretrinna og relativt få kvinner på toppen av stillingshierarkiet, utdjupar Hafsaas.

Artikkelen held fram under biletet.

Tabell frå balanseprosjektet 2024.
Tabell frå prosjektet: Henriette Hafsaas. Datakjelde: HK-dir.

Vil utfordre eit traust image

Når det gjeld mangfald, og då særleg innvandrarbakgrunn, er ikkje talmaterialet og medvitet like klart. Men noko er kjent: Førre tilstandsrapport for høgare utdanning (HK-dir, 2023) viser at  5,6 prosent av HVO-studentane var norskfødde med innvandrarforeldre frå ikkje-vestlege land.

– Dette er ein lågare andel enn befolkninga elles. Det same gjeld etter alt å døme tilsette, sjølv om vi der manglar nøyaktige data, seier Hafsaas.

HVO har rettnok internasjonalt rekrutterte forskarar, men forskingssjefen meiner høgskulen kan jobbe med å auke medvitet kring mangfald på mange frontar, blant anna i eiga marknadsføring og rekruttering.

– Korleis ser til dømes nettsidene våre ut, som er ansiktet vårt overfor omverda? Dei som vurderer å søkje seg hit som studentar eller tilsette, kan nok lett få inntrykk av ein litt sånn traust norsk bygdeinstitusjon. Både for framtida og overfor dagens HVO-arar meiner eg vi har meir å gå på når det gjeld mangfald og representasjon, seier Hafsaas.

HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Rektor Tonheim understrekar også at det todelte perspektivet i årets balanseprosjekt tilfører arbeidet ved HVO ein aktuell dimensjon.

– Vi ser at vi må jobbe med desse aspekta, så det er positivt at vi gjennom dette nye prosjektet både får løfta kvinnene ved HVO vidare og får inn mangfaldskompetanse på eit breiare grunnlag. Det er viktig for oss.

Kjønnsbalanse og mangfald har brei relevans

Det nye prosjektet skal altså primært vere retta mot betre kjønnsbalanse, men også omfatte arbeid for meir mangfald. For både kjønnsbalanse og mangfald i akademia er vesentleg ut frå prinsipp om likestilling, demokratiske ideal, nasjonale mål og dessutan relevans og kvalitet i forskinga.

Kva er så grunnen til at det framleis er mange kvinner inn i studieløp og lågare stillingar, men likevel få kvinnelege professorar «i andre enden» av akademia? Og korleis kan det endrast? Dette er noko av det prosjektet skal ta føre seg.

– Vi skal prøve å sjå på kva barrierar som finst, både bevisste og ubevisste, og kva vi kan gjere med det her i Volda. Det kan vere alt frå at foreldrepermisjon har gått ut over forskingstid, til at ein i rekrutteringsprosessar blir målt på publisering dei siste fem åra i staden for kvaliteten på artiklane. Her kan ein gjere grep for å leggje betre til rette, seier Hafsaas.

Kva blir den største utfordringa for prosjektet?

– Det viktigaste kan i alle fall bli det å få alle til å sjå at dette er vesentlege utfordringar å arbeide med – og så skal ein heller ikkje gløyme at kjønnsbalanse er viktig begge vegar, seier forskingssjefen, og viser til ferske SSB-tal om at utdanningsgapet aukar i favør av kvinner.

Del på: