Nye styremedlemmar klare

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Nytt styre ved Høgskulen i Volda er komplett, etter at Kunnskapsdepartementet har oppnemnt nye, eksterne medlemmar for den komande perioden. Desse er: Roar Tobro, Inger Østensjø, Geir Terje Ruud og Bodil Palma Hollingsæter. Varamedlemmar er Ingunn Granberg Hestnes og Knut Helland.

 
– Eg er veldig glad for at desse har sagt ja til å sitte i styret. Vidare utvikling av høgskulen sin faglege profil og ei styrking av samarbeidsrelasjonane med andre institusjonar er særleg viktig i den komande styreperioden. Styre sin kjennskap til UH-sektoren nasjonalt og internasjonalt og regionale kunnskapsbehov vil også vere viktig for høgskulen si vidare utvikling, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø(V). 


Les meir om dei eksterne styremedlemmane lengre ned i saka.


Nye interne styremedlemmar valt

Denne veka vart også val av tilsettrepresentantar til høgskulestyret avslutta. For perioden 2019-2023 skulle det bli valt inn fire faste tilsetterepresentantar, fordelt på ein teknisk/administrativt tilsett og tre faglege tilsette.

Resultatet vart slik:
Teknisk/administrativt representantar:
Fast representant: Cecilie Røeggen
Vararepresentant: Kjell Einar Dagfinrud

Faglege representantar:
Fast mannleg representant: Eirik Søvik
Fast kvinneleg representant: Silje Louise Dahl
Fast kvinneleg representant: Randi Myklebust

Vararepresentant: Helga Synnevåg Løvoll
Vararepresentant: Nathalie Homlong
Vararepresentant: Jan Arne Halvorsen

Valdeltakinga var på 74 prosent, rimeleg jamt fordelt mellom faglege- og teknisk/administrativt tilsette.


Dei åtte interne og eksterne representantane utgjer styret saman med rektor Johann Roppen og to studentrepresentantar. Val av studentrepresentantar foregår hausten 2019. Det nye styret tek til med sitt arbeid frå hausten 2019. 


Nye eksterne styremedlemmar:

Roar Tobro frå Møre og Romsdal er leiar av avdeling for virksomhetsstyring ved NTNU. Han er tidlegare direktør for Høgskolen i Ålesund og Møreforsking AS, og har mellom anna vore divisjonsdirektør i Innovasjon Norge. Han har også styreerfaring frå mellom anna NIFU og Forskningsinstituttenes fellesarena.

Inger Østensjø frå Stavanger er prosjektleiar i Stavanger kommune. Ho er noverende styremedlem og held fram i ei ny periode. Østensjø har omfattande administrativ leiarerfaring fra universitetet i Stavanger og offentleg sektor forøvrig. Hun har også særskilt styreerfaring frå kultur- og høgare utdanningsområdet.

Geir Terje Ruud frå Oslo har undervisningserfaring frå Danmarks medie- og jounalisthøjskole, og er utviklingsdirektør i NTB med digitalisering i mediebransjen som spesialfelt. Han har med det både erfaring frå høgare utdanning internasjonalt, og representerar utviklingsfronten i ein bransje mange av studentane ved HVO skal utdanne seg til.

Bodil Palma Hollingsæter frå Molde har vore direktør for Innovasjon Norge Møre og Romsdal og er no spesialrådgjevar. Ho er også nestleiar i styret i Teknika AS, eit større elektroselskap basert i Molde, og sit i styret til Komplett bank AS.


Varamedlemmar:
Ingunn Granberg Hestnes (Ulsteinvik), jurist, Ulstein kommune
Knut Helland (Bergen), professor ved UiB

 

Del på