Sjå kandidatane du kan stemme på til Høgskulestyret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Åtte kandidatar stiller til val som studentrepresentant til Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda. Bli betre kjend med dei her!

Frå 6. til 13. oktober kl. 14.00 skal det bli vald to studentrepresentantar og to vararepresentantar til Høgskulestyret.

Kandidatar

Klikkar du på lenka i den grøne boksen får du vite kva kandidatane studerer, kva interesser dei har, kva dei vil jobbe for om dei blir vald inn i Høgskulestyret og kvifor ein skal stemme på dei.

Alle som stemmer er med i trekninga av tre gåvekort à 1 000 kroner.

Kan påverke viktige saker

Studentrepresentantane i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen. 

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Del på