Søk studium for våren 2024

Tekst: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Frå 1. november kan du søke studieplass med oppstart vårsemesteret ved Høgskulen i Volda. Sjå alle tilboda våre og søk no! 

Vi har i underkant av 50 studium med oppstart vårsemesteret, frå januar 2024. Her er tilbod både for deg som vil bli ny student, og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på nett, deltid og heiltid.

  • Sjå heile lista over ledige studieplassar og søk her!  

Løpande opptak

Studia for vårsemesteret har løpande opptak. Det vil seie at opptaket skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet, der studietilboda stenger for søking når dei er fullteikna. Du bør difor vere raskt ute, for å vere sikra plass.  

  • For spørsmål om sjølve opptaket, sjå her! 


Etter- og vidareutdanning for lærarar 

Vi har mange spanande tilbod for deg som er lærar. Vil du til dømes ta erfaringsbasert master til våren, så har vi det som heiltidsstudium. Både med fordjuping innan norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag

Ønskjer du å meistre nye verktøy i klasserommet enda betre og bli oppdatert på nye medier, har vi fleire nettstudium til deg: Elevaktive metodar og mediekultur i det digitale klasserommet, Tilpassa opplæring med digitale ressursar og Programmering i skulen. 

NB: I kombinasjon med ei lærarutdanning har Høgskulen i Volda fleire studie som kan gi undervisningskompetanse i ulike fag.

Unikt tilbod for helsefag i Noreg 

Eit studium vi er åleine om å tilby i Noreg, er Helsefag for sosialarbeidarar. Målgruppa er deg som jobbar med ulike sårbare brukargrupper som både har sosialfaglege og helsefaglege utfordringar, til dømes tilsette i tenesta for funksjonshemma, rehabilitering og eldreomsorg, rus, psykisk helse, einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar og ungdom i barnevernsinstitusjon. 
 
På masternivå tilbyr vi vidareutdanninga Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet  og Tiltak mot rusproblem


Språk, historie, kultur- og religionsstudier 

Vårsemesteret byr på ei rekkje studietilbod innan språk og litteratur på ulike nivå. Her finn du tilbod både for deg som har generell studiekompetanse og deg som er lærar. 

Også innan religion, samfunn og kultur er det tilbod på både master- og bachelornivå. Sjå til dømes vårt populære årsstudie i  Religion, kultur og samfunn

Historiefaga er alltid populære ved Høgskulen i Volda, og i vårsemesteret har du ei rekkje nettstudium å velje mellom, i tillegg til vidareutdanning på masternivå, som er oppmøtebasert


Undersøkande journalistikk 

Har du lyst å drive med gravejournalistikk er vårsemesteret tida for å spesialisere seg. Avdeling for mediefag tilbyr Undersøkande journalistikk, der viktige element er utvikling av idéer og hypoteser, metodiske valg og systematikk i egen research. På masternivå kan du studere Risk communication and issue management


Interessert i samfunnsutvikling, organisasjon og leiing?

På institutt for Planlegging og administrasjon, er det utlyst fleire emner både på  bachelor- og masternivå. 
 
Skal du jobbe med arealplanfaglege oppgåver eller sikter deg inn på ein planorientert master i framtida, kan vi tilrå Innføring i arealplanlegging og GIS

Del på