Studentarbeid sentralt i Vestnes sin planprosess

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Roar Stokken

- Oppdatert

Som del av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis samla Vestnes kommune omlag 30 sentrale medarbeidarar for å diskutere tverrprofesjonelt samarbeid til barns beste.

Samlinga vart gjennomført 16.-17. oktober og tok utgangspunkt i 11 eksamensoppgåver frå sosialarbeidarutdanningane i Volda. Førelesar og prosessleiar var professor Roar Stokken. Han er også ansvarleg for emnet der studentane har undersøkt tilhøva i Vestnes kommune, analysert dei og skrive rapportane som dei tilsette brukte som utgangspunkt.

Kompetanseutvikling og faglege relasjonar

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis skal utvikle kompetansen i både kommunar og institusjonane i høgare utdanning. Stokken seier at intensjonen er møtt til fulle i dette prosjektet. Studentane får kome på innsida av kommunane og dei er med på å løyse reelle samfunnsproblem. Kommunane får tilgang til studentane sitt arbeid. I tillegg vert det skapt nye faglege relasjonar mellom høgskulen og yrkesfeltet.

Til dømes har Kjetil Ytreberg (foto), som er leiar av PPT-kontoret i Vestnes, vore sensor på emnet.  Han sette særleg pris på å oppleve studentane sitt engasjement og å reflektere saman med kandidatane over verdien av arbeidet deira.

May Britt Skavnes er barnehagerådgjevar i Vestnes. Ho er positivt overraska over kvaliteten til oppgåvene. Ho kjenner att sine eigne innspel frå intervjuet, og ho opplever at innhaldet i intervjua vert drøfta på ein imponerande måte. Studentane er trass alt berre i starten på sitt andre studieår, som ho seier

Studentane ser kommunen utanfrå

Vestnes kommune hadde samla eit breitt spekter av sentrale tilsette, som til dømes barnehageleiarar, skuleleiarar, kommuneoverlege, barnevernsteneste, helsestasjon, tenesta for psykisk helse, og flykningetenesta. Ronny Engan er konstituert skulesjef og prosjektleiar. Han seier at prosessen med studentoppgåver og tilsette sin analyse av situasjonen i løpet av to dagar lovar godt for barn og ungdom som treng koordinert hjelp og samansette tenester. Engan held fram med å poengtere at ein i dag har mange tilsette som yter svært gode tenester, men at målet er å utnytte kvarandre slik at tenestene vert enno betre.

Elly Slettvoll er einingsleiar for familie og helse.  Frå hennar perspektiv er det viktig å samlast for å diskutere det studentane har skrive, og at dette skjer på tvers av einingar og kulturar.  På den måten ser ein kvarandre, blir kjent med kvarandre og anerkjenner kvarandre. Det er noko som set spor. Stokken legg til at når ein legg studentane sitt arbeid til grunn, så får ein sjå seg sjølv på ein annan måte. Diskusjonane får då eit anna grunnlag enn dei elles ville hatt ved at studentane set ord på ting som kanskje elles ikkje hadde blitt tematisert.

Del på