Ventelister på populære studium ved Høgskulen i Volda
«Tradisjonen tru» er det fleire søkjarar enn studieplassar på sosialfag og mediefag ved HVO. Også barnehagelærar og ny historiebachelor på nett har håpefulle studentar på venteliste.
«Tradisjonen tru» er det fleire søkjarar enn studieplassar på sosialfag og mediefag ved HVO. Også barnehagelærar og ny historiebachelor på nett har håpefulle studentar på venteliste.
Etter at alle søknader er handsama, vart det i dag klart at rekordmange har fått tilbod om studieplass i årets Samordna opptak (SO). Ved Høgskulen i Volda er det sende ut omlag like mange tilbod som i fjor.
Over 300 på venteliste
Etter tre år på rad med auke i talet på søknader til Høgskulen i Volda, er det også i år ventelister på ei rekkje populære studium. Dette gjeld mellom anna sosialfaga og mediefaga, fortel Per Halse, fungerande direktør ved Høgskulen i Volda.
- Sosionom og barnevernspedagog har over 300 på venteliste på kvart av studia. Det er også venteliste på journalistikk og medieproduksjon, barnehagelærar heiltid og deltid, samt den nye nettbaserte historiebacheloren vår, seier Halse.
Populær nykomar
Tidlegare i år lanserte HVO ein ny bachelor i historie på nett. Også her er det ventelister, og 90 tilbod er sende ut til håpefulle studentar. Det er sende ut over 100 tilbod til Master i grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10. I tillegg melder opptakskontoret ved HVO om god søking til dei praktiske og estetiske faga, særskilt Friluftsliv årsstudium.
- Det er sjølvsagt gledeleg at dei gode søkjartala til Høgskulen i Volda held fram, og at studietilboda våre er ettertrakta. Det er også kjekt å sjå at det er ein god miks av dei tradisjonelt populære studia våre og dei nye tilboda som ligg «øvst» på listene, seier Halse.
Framleis ledige plassar
Han minner om at sjølv om hovudopptaket er klart og enkelte fag har ventelister, er det ikkje slik at håpet er ute for dei som ønskjer seg til Høgskulen i Volda til hausten. Det er framleis mogleg å søkje enkelte ledige studieplassar.
Vi gler oss til å møte alle studentar til studiestart 20. august, seier Per Halse.
Nøkkeltal frå Samordna opptak
- Totalt har 99 319 søkjarar fått tilbod om studieplass i årets Samordna opptak (SO). Det er dermed sendt ut 1042 fleire studietilbod enn i fjorårets opptak.
- I alt søkte 137 277 personar om opptak til høgere utdanning innan søknadsfristen 15. april i år. Av desse er over 121 000 kvalifiserte for opptak til minst eitt studium.
- 82 prosent av dei kvalifiserte søkjarane har fått tilbod om studieplass, og over halvparten har kome inn på sitt førsteval.
- Talet på kvalifiserte søkjarar som ikkje har fått tilbod om studieplass har gått ned heile 18,6 prosent frå i fjor. Denne gruppa utgjer 21 699 søkjarar mot 26 657 i fjor.