VoldaKom: tverrfagleg fagdag i medieutdanninga

Det var Norsk kommunikasjonsforening sitt studentlag i Volda, POE-prosjektet og Institutt for kommunikasjon som invitere til ein fagdag der temaet var tverrfaglegheita i medie- og kommunikasjonsarbeidet. 

Voldakom

Tekst: Karl August Swanstrøm, Foto: Erling Sivertsen

- Oppdatert

Del på:

Det var Norsk kommunikasjonsforening sitt studentlag i Volda, POE-prosjektet og Institutt for kommunikasjon som invitere til ein fagdag der temaet var tverrfaglegheita i medie- og kommunikasjonsarbeidet. 

Tilbodet var i utgangspunkt til alle studentar i PR, kommunikasjon og media, i Outdoor Media Production og i medieproduksjon, men det kom mange tilsette og fleire frå praksisfeltet.

Kristian Fulgseth frå medieutdanninga

– Det er godt å setje ein fot i bakken for å jorde seg litt og møte noverande og tidlegare studentar som fortel om sine erfaringar i det arbeidslivet vi utdannar til, kommenterte Kristian Fuglseth frå programkomiteen ved medieutdanninga.

Ei sektor i stor endring

På innleiarlista stod ein miks av tilsette med spesielle kompetanseområder slik som Jon Harman som innleia om utviklingstrekk i ein internasjonal medie- og kultursektor i stor endring, Ellen Lexerød om juridiske problemstillingar på tvers av kommunikasjonsfeltet, og i tillegg leiarar innan kommunikasjon i privat og offentleg verksemder som t.d. Iselin Nevstad Øvrelid  som til no har vore kommunkasjonssjef i Herøy kommune og no er på veg over i politiet. Det var Helge Karbø som har starta for seg sjølv i Fjord Nature, Anette Weibust Petersen som fortalde om utvikling av teneste på nett, m.fl.

– Programmet er bra variert, og nokre – men på langt nær alle fasettar av vår mangeslungne medie- og kultursektor var med, kommenterte også instituttleiar ved medielinja Jens Standal Groven då han takka av programleiar, PR-student og P3-kjendis Jo Martin Kjesbu. Han gjorde ein god jobb og sette ei flott ramme rundt heime dagen, både før og etter gatemat-lunsjen som Rokken serverte til alle dei om lag 120 frammøtte.

Ønskjer VoldaKom som fast innslag

Målet for programkomiteen var å få fram tverrfaglegheita, fortel studentassistentar ved kommunikasjonsutdanninga og engasjerte i studentlaget, Olav Amar Sherpa Rangsæter-Kråkenes og Nora Skansen Skranefjell som har vore med i programkomiteen saman med Eli Helland og dei andre tillitsvalde i PR, kommunikasjonsutdanninga.

– Å få vise fram praksisfeltet på denne måten til studentar og tilsette er verdfullt for oss, fordel også prosjektleiar i POE-prosjektet ved Høgskulen i Volda, Ivar John Erdal. Studentane og dei tilsette som arrangerer dette har gjort ein kjempejobb, så det er berre å takke for innsatsen. Dette må vi få meir av.

– Vi vonar at VoldaKom vert eit fast innslag, slik som kommunikasjonsdagen var før pandemien, kommenterte også instituttleiar Groven til slutt.

Helge K. frå Fjord Nature viser korleis ein kan merke seg ut... Han er truleg den første som har spelt på lur i Berte Kanutte-huset, Store Aud.

Del på: