Festaftan ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

David Hansen, som er nyvald president for Europas største ungdomsorganisasjon (YEPP), og sjef for over ein million ungdommar i heile Europa, seier han gleder seg til å komme til Volda for å overrekkje heidersnemninga.

Shabana Reman leier festen

Heidersnemninga ”Internasjonal kommune” vert delt ut på festaftan tysdag 10.mai klokken 18.30 i kantina i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Shabana Rehman leier oss gjennom denne festlege kvelden der vi feirar Volda som internasjonal kommune. Festaftan oppsummerar arrangementet ”Der menneske møtest” i Volda fredag 6.mai til 11.mai.

Internasjonalt program

På festaftan kan ein teste smaksløkane med internasjonal fingermat frå sju ulike land, nyte praktfulle stemmer frå Volda Vokal og Stemmebandet, høyre urpremiere på nye songar av Merkesteinane, sjå det internasjonale musikkfyrverkeriet frå musikkverkstaden på TeleBygget, rap, breakdans, oppleve somalisk høgkultur og mykje, mykje anna.

Les meir om arrangementa i Volda
og på www.fredskorpset.no

Del på