Fire nominerte til rektorval

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Nominerte kandidatar:

  • Jørgen Amdam er professor ved Avdeling for samfunnsfag og kjem frå Volda.
  • Ketil Jarl Halse er førsteamanuensis ved Avdeling for mediefag og kjem frå Ørsta.
  • Sverre Liestøl er dekan ved Avdeling for mediefag og kjem frå Volda.
  • Morten Åsland studerer første året ved Bachelor i media, ikt og design. Han kjem frå Mo i Rana, men bur no i Volda.

Kandidatane vert presenterte på eigne sider for rektorvalet. På desse sidene kan kandidatar, tilsette og studentar drive valkamp, ta del i diskusjonsforum og lese meir om kandidatane.

Rektorvalet vert gjennomført ved urneval onsdag 29.11 og torsdag 30.11.
Før dette har kandidatane høve til å finne kvar sin prorektorkandidat frå og med tysdag 24.10 til og med fredag 3.11. Rektor og prorektor vert valde som eit samla leiarteam.

Valkamp
Frå måndag 6.11 til og med fredag 17.11 vert det ei valkampperiode med mellom anna ein felles paneldebatt i Berte Kanutte-huset.
Det vert gjennomført ei førehandsrøysting frå og med måndag 20.11 til og med tysdag 28.11.

Den nye rektoren ved Høgskulen i Volda vil ikkje gå inn i stillinga før 1. august 2007.

Stillinga for prorektor
Høgskulestyret har ikkje fastsett kor stor prosentstilling prorektor skal ha. Dette vert fastsett på eit seinare styremøte.

Denne nyheita er også publisert på Studenttinget sine heimesider: www.hivolda.no/stiv

Del på