God hybelmarknad i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dei som allereie er studentar i Volda flyttar gjerne inn i kollektiv eller større leilegheiter, og dette opnar for at nye studentar får hyblar.

- I tillegg har Volda hatt tradisjon for ein stort privatmarknad på hyblar.

- No er det fortløpande tildeling av hyblar, og det skjer endringar heile tida. Vi har lister som studentar vert ført opp på. Nokre kjem til og andre stryk seg av lista fordi dei kanskje har funne noko anna eller reiser til ein annan studiestad. Det er berre å ta kontakt, seier Kile.

Slik har ein råd til å vera heiltidsstudent
- I Volda får ein fine hyblar til rundt 2500 kroner i husleige per månad. Dette inkluderer ofte straum, kabel-TV og internettlinje, forklarar Marthe Alnes ved Informasjonskontoret, Høgskulen i Volda.

- I fleire byar må studentar ha ein deltidsjobb for å betale dyre husleiger, og då vert det ikkje mykje tid til studium eller andre sosiale studentaktivitetar.

- Slik sett er mange studentar nøgde med at hyblane i Volda ikkje kostar meir enn det som er overkomeleg med 8000 lånekassekroner i månaden, seier ho.

Ein søkjer om bustad via nettsidene til SfS.
Den som får tildelt bustad får kontrakt og informasjon tilsendt i posten. Sfs har kontortid måndag til fredag frå 09.00 – 15.00. Ta kontakt på telefon  70 07 52 40 eller e-post sfs@hivolda.no.

Les meir tildeling av hyblar på http://www.studentsamskipnaden.no

Du kan leite etter hyblar på nettet eller i aviser:
Sjå lenker på www.hivolda.no/studiestart eller: 

Del på