Ny søknadsfrist på velferdsmidlar frå SfS

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi syntest det var overraskande at ikkje fleire lag og organisasjonar ville ha velferdsmidlar dette semesteret, seier leiar i SfS Jan Henning Egset, - det er difor vi har valt å utvide søknadsfristen.

Om ditt lag eller din organisasjon ønskjer å motta velferdsmidlar frå SfS dette semesteret, må de syte for å fylle ut ein søknad så snart som mogleg. Du kan få eit søknadsskjema ved å kontakte Studentsamskipnaden for Sunnmøre.

Del på