Pangaia er tildelt læringsmiljøprisen
Pangaia, med leiar for Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda, Cecilie Wilhelmsen i spissen, er tildelt Høgskulen i Volda sin læringsmiljøpris for 2007. Overrekkinga av diplom og prisen på 30 000 kroner gjekk føre seg fredag 14. desember, og Wilhelmsen seier at pengane skal kome dei internasjonale studentane til gode.
Les meir om Pangaia her
Prisen for godt læringsmiljø er tildelt av Høgskulestyret, og skal heidre fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats for å utvikle studie- og utdanningskvaliteten ved Høgskulen i Volda.
Det vert særleg lagt vekt på tiltak som utviklar studiekvaliteten gjennom medvite fagleg, administrativt og pedagogisk tilrettelegging.
Prisen på kroner 30 000 skal nyttast til tiltak som fremjar studiekvalitet av fagleg-pedagogisk eller trivselsskapande karakter, og andre tiltak som styrkjer læringsmiljøet.