Rokken størst på lyd – Simone opnar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ulike entreprenørar jobbar no på spreng for å gjere Rokken klar til opninga fredag 22. april. Ved konsertscena køyrer ein inn eit lydanlegg som høver for store produksjonar og konsertar.

- I den gamle studentkroa har vi hatt ei grense for kor store band vi kan booke, men med dette anlegget går alt, forklarar lærarstudent og teknisk nestsjef John H. Grevstad (27) i Studentsamfunnet i Volda.
- Rokken har ei scene som vil merke seg ut, og vi er svært spent på å prøve den ut no før den store opninga.

- Frå Galleriet kan ein stå forholdsvis langt bak og likevel sjå scena, også på storskjerm. Der vil det vere ein eigen bar, samt sitjegrupper og ståbord, seier Grevstad.

Handelsstanden feirar Rokken og Veka saman med studentane

Big Bang og Simone er mellom artistane som vil spele på Rokken laurdag 23.4 i høve opninga av Veka 2005. I tillegg har Simone opningskonsert på Rokken scene fredag 22.4, men også utescena i Volda laurdagen. Studenthuset er opne laurdag frå klokka 13.00 for alle som vi sjå korleis dette ser ut innvendig.
Anne-Britt Aambø Hallaråker fortel til Møre at Handelsstanden vil feire opninga av Rokken og Veka med program i gatene laurdag.

galleri

Bilete teke frå scena og opp mot Galleriet


scene

Bilete frå Galleriet og ned på scena


kafe

Slik ser kafeén ut fire dagar før opning


inngong

Parkettlegging i inngongspartiet

 

www.veka.no har meir programoversikt

Del på