Stor levekårsundersøking mellom studentane i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Statistisk sentralbyrå (SSB) skal, på oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet, gjennomføre ei levekårsundersøking mellom studentar ved norske universitet og høgskular i 2005. 4000 studentar på utvalde lærestadar vert trekt ut til å delta. 300 av studentane ved Høgskolen i Volda vil bli trekt ut til å ta del i undersøkinga, fortel Aalde.

Ansikt-til-ansikt
-  Undersøkinga i Volda skal går føre seg frå 7. mars og ut i april, fortel førstekonsulent Aalde, som er Høgskolen i Volda sin kontaktperson overfor Statistisk sentralbyrå. Studentar som blir trekt får informasjon om å delta i brevs form. Intervjuarane frå Statistisk sentralbyrå vil sjølv gjere avtalar med studentane. Høgskulen stiller rom til disposisjon for intervjuarane, og kvart intervju er rekna til å ta ein times tid.

Resultata vil føreligg offentlig i løpet av 2006.

 

Del på