Studentar og bygdefolk opna Rokken saman

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Litt over eit år etter at Studentsamskipnaden for Sunnmøre kjøpte Industrigata 12 den 26. mars 2005, kunne studentane i Volda opne eit flott og oppussa studenthus fredag 22.april.
Skiltet på veggen var skrudd opp på veggen to minutt på fem, og inne i lokalet kosta entreprenørane seg ut bakdøra medan gjestene kom inn på framsida.

- Bruk huset, oppfordra rektor Gunnar Stave då han overrekte ei gåve på 50.000 kroner frå Høgskulen i Volda. Det same gjorde Volda-Ørsta sparebank og føya seg i rekka av gratulasjonar og gåveoverrekkingar.

Veka 2005 starta også fredag med revy på samfunnshuset og konsert med Simone på Rokken etter opninga. Simone framførte vekesongen ”Like kjekt kvar kveld”, spesielt skreve for Veka i Volda.

Les meir om vekeopninga


studentar

Spente studentar før opninga. Fremst: leiar i Studenttinget i Volda, Anette Aune Hauge.


nokkel

Overrekking av den symbolske nøkkelen til Rokken, frå hovudentrepenør Veidekke til adm. dir. Jan Henning Egset i Sfs.


overeekking520


Studentane tek over nøkkelen til Rokken. Dagleg leiar i Rokken, Jan Harald Eikenæs, adm.dir i Sfs Jan Henning Egset, leiar i STiV Anette Aune Hauge, leiar i Studenttinget i Volda, Camilla Auflem Vik og avd.leiar for velferd i Sfs, Are Halkjelsvik.


kaspersen

Eldsjel for studenthuset, tidlegare leiar i styret for Studentsamskipnaden for Sunnmøre og konferansier under opninga, John Kaspersen.


song

Kulturelt innslag frå studentar ved Høgskulen i Volda.


rektor_1

Rektor Gunnar Stave og adm. dir .Jan Henning Egset


are

Ei av drivkreftene i studenthusprosjeket, Are Halkjelsvik.

Del på