- Ta del i studentundersøkinga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

oye520

- Undersøkinga gir studenter sjansen til å kome med verdifulle innspel som høgskulen ikkje fangar opp på eiga hand, seier Øye.
- Studentane må ikkje vere redde for å ta kontakt med dei ansvarlege for sitt studium dersom dei føler at ting ikkje fungere, seier Øye, som meinar at studentane bør nytte sjansen til å seie frå.

Studentundersøkinga vart også lagt ut før nyttår, men på grunn av lav svarprosent vert undersøkinga opna på nytt no fram til 1. februar.
Studentane kan kome med mellom anna tilbakemeldingar om undervisning, arbeidsmåtar og rettleiing i emna.

Korleis?

Undersøkinga finn du i Classfronter:

1) Klikk på knappen "Evaluering" i den personlege menyen din (øvst på sida)

2) Logg inn i spørjeskjemadelen av Classfronter - bruk det vanlege Classfronter-brukarnamnet og -passordet ditt her også

3) Klikk på ei spørjeundersøking

4) Svar på spørsmåla, og kom gjerne med kommentarar til kvart spørsmål

5) Klikk "Send svar" (evt. "Submit answer")

6) Gjenta punkt 3 til 5 dersom du skal svare på spørsmål om fleire emne

Når du har svara på undersøkinga for eit emne vil den forsvinne frå oversikta over "Aktive evalueringar". Så snart ei evaluering er stengd (fristen er ute) finn du samandraget av kva alle studentane på emnet har svara under fana "Rapporter".

NB! Dersom emna du tek ikkje har eksamen i haustsemesteret vil du ikkje finne nokon aktive evalueringar. Du vil først bli spurt om å kome med tilbakemeldingar det semesteret du har avsluttande eksamen.

Klikk "Logg ut" når du er ferdig med å svare på alle evalueringane.

Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarar til undersøkinga kan du svare på denne e-posten, eller ta kontakt med Studiesjef Gonnie Smit Løseth, telefon 7007 5000 (sentralbord)

Del på